Førstkomande kveldsretreat i regi av Retreat Bergen blir onsdag 19. februar kl. 18.00-21.00.
Torbjørn Sæle, Målfrid Sandvik og Olaug Nordli leier kveldsretreaten. Vi arbeider med ein tekst frå Bibelen. Vi har eit måltid saman og avsluttar med bønevandring og samling i kapellet. Høve til samtale. 50 kroner for maten.
Du finn Søsterhjemmet ved å gå under bogen i sørenden av Haraldsplass Diakonale Sykehus. Ta første dør på venstre side.
Kveldsretreat kl. 18.00 til 21.00:
22. januar
19. februar
23. april
14. mai
På kveldsretreata startar vi med opning og impuls i kapellet og held fram med stille måltid, ein bibelmeditasjon, bønnevandring og enkel gudsteneste med nattverd i kapellet.
Det blir og fasteretreat 11. og 13. mars kl. 16.30 til 20.30.
Meld deg på fasteretreata innan 4. og 6. mars til Bård Haukedal, sjå kontaktinfo nedst på sida. Kvar samling kostar kr. 150,- pr person. Sjå program for fasteretreata nedst på sida.
Holmely
På Holmely, Bryggja i Nordfjord, er det i vår følgjande retreat:
27. - 30. mars: Retreat «Sjå, eg skaper noko nytt», frå torsdag kl.19 til søndag
kl.14. Delvis taus temaretreat med impulsar av Geir Otto Holmås.
13. - 16. juni Retreat med pilegrimsvandring på Selja. Brit L Hilde, frivillig-ressurs
med mykje kjennskap til Selja leier retreaten saman med Jan Gudmund Skrivervik,
styreleiar. Fleire dagsturar i nærområdet.
Lenke til nettside for Holmely nedst på sida.
For retreat andre stader i landet, sjå www.retreater.no
Retreat er noko for deg som ønskjer:
- ein nærmare relasjon til Gud
- impulsar i ditt bøneliv
- samanheng mellom kvardagslivet og trua