Salme 5: "Gjer døri høg, gjer porten vid!"

Salme 5: "Gjer døri høg, gjer porten vid!"

Gjer døri høg, gjer porten vid!
Sjå, Kristus kongen til deg rid!
Han råder over alle land
og er all heimsens Frelsar sann.

Rettferdig kjem han til deg ned
og byd deg sæle, liv og fred,
stillferdig kjem han, utan krav,
og miskunn er hans kongestav.

Han ropar ut eit nådens år,
vår naud ved ham ein ende får,
og difor røyster utan tal
med lovsong honom møte skal.

Å, sælt det land, det hus, den gard
hvor denne drott til herre har!
Ja, sælt det hjarta og det sinn
der denne kongen no stig inn!

Han er den sanne gledesol
som lyser frå Guds nådestol.
Ved dette ljoset bjart og klårt
det dagast må i hjarta vårt.

Gjør døri høg, riv stengsla ned,
og inn til deg din konge bed!
Då kjem han til deg mild og sterk
og fremjar i deg alt Guds verk.

Mi hjertedør eg opnar deg!
Å Jesus, stig du inn til meg!
Og lat meg her din nåde få
at jeg din milde hug kan sjå.

Ja, ved din Ande slik meg før,
eg dagleg opnar deg mi dør,
så du kan alltid bu i meg,
og eg kan evig lova deg!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"