Viktig mellommenneskeleg oppgåve

Førre sundag, på Maria bodskapsdag, var kyrkjebenkane i Ulsteinvik fylt opp med ukrainske flyktningar. – Ei veldig sterk oppleving for alle som var her, seier sokneprest Margit Lovise Holte. Ho oppmodar om å kome våre medmenneske frå Ukraina i møte.

Ulstein kyrkje.

Dei siste to vekene har det kome opp mot 200 flyktningar til det statlege mottaket i Ulsteinvik. Kyrkja i tettstaden var tidleg blant initiativtakarane i den frivillige innsatsen. 

- Vi hadde eit ønskje om å samle oss og koordinere oss i lag med mellom andre Raude Kors, Saniteten og Frivilligsentralen. Den samhandlinga er viktig, så vi ikkje sit på kvar vår tue og driv på med vårt. No får vi på ein enklare måte vise og informere om dei samla tilboda i bygdebyen vår. Vi må hugse på at flyktningane som kjem veit ingenting om samfunnet her, dei veit ikkje kor lenge dei skal vere her, dei kan ikkje norsk og informasjonsbehovet er stort, seier Holte.

Sokneprest Margit Lovise Holte og diakon Mari Ann Vattøy koordinerer fleire ulike tilbod for ukrainske flyktningar, knytt til diakonale møtestader. Bilete:  Privat, frå kjellaren på asylmottaket i Ulsteinvik.

 

Mange av ukrainarane som kjem er mødrer med born, unge kvinner mellom 20-30 år og eldre menneske mellom 60-70 år. Fleire av desse kom til gudsteneste i Ulsteinvik førre sundag. Det vart eit sterkt møte for alle involverte.

- Det gir ei djup meinig, det å møte dei og dele fellesskapen med dei. Naturlegvis er dei slitne, og prega på ulike vis. Borna er ganske stille. Og dei alle har hatt ei lang reise. Dei er sjølvsagt glade for å vere i Ulsteinvik, men i mange tilfelle er fedrane, ektefellane, familiemedlemmane, att i Ukraina. Så då går ein og ottast, og i konstant frykt for dårlege nyhende frå heimlandet. Denne situasjonen er vanskeleg, for ikkje å seie umogeleg, å førestille seg for dei fleste av oss, seier Holte.

Soknepresten peiker på at Link og kommunen gjer ein god jobb med dei tilboda og tenestene som kan gjerast der.

- Men flyktningane er menneske heile døgnet, ikkje berre på dagtid eller i kommunen sine opningstider. Difor meiner eg det er viktig at kyrkja og andre organisasjonar stillar opp, legg ho til.

Diakon Mari Ann Vattøy koordinerer fleire ulike tilbod knytt til diakonale møtestader som open barnehage, open kyrkje, «Kyrkja på senteret», samtaler og praktisk hjelp, kyrkjekaffe, KRIK og andre ulike samlingspunkt, i tillegg til engelsk tolking i gudstenestene. Det er også kontinuerleg dialog med Link, som driv flyktningmottaket, om kva tenester kyrkja og andre eventuelt kan bidra med.

- Kyrkja sin omsorg må vere meir enn bøner og tenning av ljos, sjølv om dette også er viktig. Men omsorga kan vere så mykje meir. Flyktningane er folk som opp til for kort tid sidan hadde jobbar og sosialt liv. Dei er menneske med namn, som kneler på same alterring som oss. Eg tykkjer vi skal ta inn over oss at denne krisa kan vi ikkje «Vippse» oss utav, men vi må også møte dei, snakke med dei og ta i mot dei som medmenneske.

- Kyrkjelydane har ei viktig mellommenneskeleg oppgåve her saman med lokalsamfunnet. Vi ser store varme hjarte i Ulstein og mange vil bidra. Vis nestekjærleiken som bur i oss. Våre nye medmenneske er ein ressurs for lokalsamfunna, seier sokneprest Holte.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"