Aktiv orgelklubb på tur for musikalske opplevingar

Åtte unge organistar, to kantorar og nokre foreldre brukte delar av haustferien på ein orgeltur til Oslo. Der kom dei musikalske opplevingane på rekke og rad. Les orgelklubben sitt reisebrev!

Olai spelar for Kåre Nordstoga
"Første helga i haustferien var Orgelklubben i Møre på tur til hovudstaden. Åtte unge organistar, to kantorar og nokre foreldre sette seg på toget i vakkert haustvér (vi reiser sjølvsagt miljøvenleg). Målet med turen var oppleving og fellesskap, og med på turen var born og unge frå Stranda, Stordal, Ikornnes, Norddal og Sykkylven.
Orgelklubben på Norges musikkhøgskole med Inger Lise Ulsrud_resized_20191011_090231144.jpg

Og vi fekk begge deler i rikt monn. Alle hadde det veldig kjekt saman, sjølv om spennet i alder er stort, 8-18 år. Og for nokre opplevingar vi fekk!

Først ein fantastisk konsert med domorganist Marcus André Berg der vi som dei einaste fekk sitje på galleriet under opningskonserten av Oslo Orgelfestival og studere hender og føter og tangentar og registertrekk på nært hald. Deretter fekk vi spele for domkantor Kåre Nordstoga på det flotte Ryde&Berg-orgelet! Ei stor og mektig oppleving som sette seg i ryggmargen.

Overnatting var i Nordstrand menighetshus, og vi vart tatt fantastisk imot av kantor Liv Marie Hofseth. Ho viste oss orgelet, kokte kaffi og kom innom fleire gonger for å slå av ein prat.

Frå høgdepunkt til høgdepunkt
Søndag fekk vi høyre Inger-Lise Ulsrud spele høgmesse på orgelet i Uranienborg, og ho hadde ordna det så Orgelklubben fekk sitje rundt orgelet og følgje med på alt ho gjorde. Denne dagen var det 20 år sidan ho byrja som kantor og 10 år sidan orgelet vart innvigd, og det vart feira med stor marsipankake!
Etter kaka fekk vi også her lov til å spele på orgelet, og for eit instrument! Elevane boltra seg og alle fekk spele stykka dei hadde øvd på. Dessutan venta ei overrasking: Vi vart inviterte med opp i tårnet og fekk spele på klokkespelet.
Inger-Lise tok oss til slutt på omvising på Norges musikkhøgskole, der vi var i fleire timar og gjekk frå rom til rom og frå orgel til orgel.
 
Tora spelar i Uranienborg_resized_20191011_090230438.jpg

I det heile møtte vi ein utruleg godvilje over alt der vi var, noko som gjorde det til ei fantastisk helg for liten og stor. Vi kom heim igjen fylt med opplevingar og inspirasjon."
 
Helsing oss som er så heldige å få vere leiarar,
Rose Iren Stave
Gunnar Inge Eide
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"