Bruk stemmeretten din ved kyrkjevalet

Det er di kyrkje – bruk stemmeretten ved kyrkjevalet 8. - 9. september. I kyrkjevalet stemmer ein på kandidatar til sokneråd og til bispedømerådet/Kyrkjemøtet.  

Bruk stemmeretten din ved kyrkjevalet

Kyrkjevalet 2019

Kyrkjevalet 2019 - praktisk info kort oppsummert

– Kyrkja er summen av alle dei menneska som tek del. Er det noko ein vil støtte opp om – eller kanskje noko ein ikkje likar eller ønskjer å endre i kyrkja, så må ein bruke stemmeretten. Vi treng ulike stemmer og ulike meiningar nettopp fordi det skal vere rom for alle i kyrkja, seier Arvid Helle, leiar for kyrkjelivsavdelinga i Møre bispedøme.

 

Førehandsstemminga til kyrkjevalet er alt i gang. Ønskjer du å førehandsrøyste, kan du allereie no gje stemma di ved næraste kyrkjekontor. Eller du kan stemme samstundes med valet 8. – 9. september.

 

– Det viktigaste er at folk går til stemmeurnene og tek del i kyrkjevalet. Kyrkja er demokratisk organisert. Alle stemmer tel like mykje. Ved førre kyrkjeval (2015) stemte 16,7 prosent av kyrkja sine medlemmer i kyrkjevalet. Ved årets val håper vi på endå høgare oppslutnad, seier Helle.

   

– Kyrkja er demokratisk organisert. Alle stemmer tel like mykje.
Bruk stemmeretten din ved kyrkjevalet, oppmodar Arvid Helle,
leiar av kyrkjelivsavdelinga i Møre bispedøme.

 

– Mange opplever det som viktig og meiningsfylt å ta del i kyrkjefellesskapen – også gjennom valordninga. Når du deltek i kyrkjevalet gir du både støtte til dei lokale kandidatane som gjer en innsats for kyrkja der du bur, og du er med å påverke kyrkja si retning i val til Kyrkjemøtetavsluttar Helle.

 

Kyrkjevalet blir halde samtidig og på same stad som kommune- og fylkestingsvalet 8. og 9. september. Alle som er over 15 år, eller fyller 15 år i 2019, og som er medlem i Den norske kyrkja kan stemme ved kyrkjevalet

For eventuelle spørsmål om valet; ta kontakt med ditt lokale kyrkjekontor.

 

Kyrkjevalet 2019

Kyrkjevalet 2019 - praktisk info kort oppsummert

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"