Eit liv med Fru Guri

Fru Guri av Edøy blir kalla Noregs varmaste utespel. Søndag 25. kan du oppleve ein samtale mellom biskop Ingeborg Midttømme og Peggy Kruse, kvinna som har skrevet teksta til dette sterke og vakre spelet, og som i august fyller 80 år.

Starten på Gurispelet var at Peggy Kruse i 1989 skreiv eit tablå, «Fotefar i stein» til 800-års jubileet for gamle Edøy kyrkje. Frå dette tablået vaks spelet om Fru Guri av Edøy fram, og sidan 1990 har det blitt framført årleg, med unntak av nokre få år, mellom anna når Gurisenteret på Edøy blei bygd.

Som lærar i mange år hadde Peggy Kruse erfart at det elevane hugsa best frå skuleundervisninga var når dei fekk delta i ulike dramatiseringar. Med dette som utgangspunkt ønskte ho å lage eit skodespel til jubileumsfeiringa om kyrkja si rolle gjennom 800 år. Kjerneord i forestillinga er forsoning, fall og oppreising, håp og løfte om ein ny morgondag. Alt samanfatta i Nåden. To botnsolide element i spelet er den gamle kyrkja og Kulisteinen. Målet med prosjektet var å la dei unge få eit godt møte med evangeliet. Guri uttrykker i spelet at barna treng feste i fortida for å få ei god framtid. Vegen framover er vegen tilbake til orda vi fekk med oss.

Handlinga i spelet går føre seg på 1100-talet og er ei gripande historie om sterke kvinneskikkelsar i vikingtida. Om Fru Guri som den sterke personen som med klokskap leier familien gjennom tragedie og lykke, kjærleik, tvil og tru. Stykket bli omtalt som eit kvinnestykke, sidan det er eit av dei få spela i Noreg som har ei så tydeleg kvinneleg hovudrolle.

Fru Guri har blitt framstilt av kjente skodespelarar som Sylvia Salvesen, Hildegunn Eggen og Nina Woxholtt.

Spelet om Fru Guri av Edøy blir framført på Gurisenteret på Smøla i perioden 22.-25. juli. 

Les meir om spelet her

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:
Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider: etter avtale

Fakturaadresse:
Den norske kyrkja
v/Møre bispedømeråd
org.nr: 818 066 872
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

Meir om fakturering

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

eDialog - sikker e-posttjeneste

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"