Fellesskap rundt påskelammet

Når me ikkje kan feire påske i kyrkjene våre som vanleg, kan me kanskje samlast rundt påskelammet til måltid i heimane våre: Den kristne påskefeiringa har djupe røter i Det gamle testamentet og det jødiske folket. Les meir om den jødisk-kristne tradisjonen med påskemåltid og ver med å feire påskemåltid etter modell av påskemåltidet Jesus og læresveinane hans feira i Jerusalem!

Eit påskemåltid er eit festmåltid med bibelforteljingar – eller ein bibeltime med festpreg, der me kan ta i bruk alle sansane våre. (foto: Wikipedia)

Kvart år når det nærmar seg påske, har butikkane tilbod på påskelam, og mange har lam på menyen ein av dagane i høgtida. Då er me i godt selskap, for det var dette Jesus og læresveinane åt då dei feira påske i Jerusalem. Då feira dei den jødiske påska, til minne om israelittane som slakta påskelammet då Moses førte dei ut av slaveriet i Egypt. Seinare, etter at Jesus var død og stått opp, vart det tydeleg for dei første kristne at Jesus var Guds påskelam, som gav livet sitt for våre synder.  

I år, når me ikkje kan feire påske i kyrkjene våre som vanleg, kan me kanskje samlast rundt påskelammet til måltid i heimane våre? Kanskje kan eit slikt måltid bli starten på ein ny tradisjon for oss, også når me er tilbake til det normale igjen neste år?

                    Påskelammet - seder.jpg 
                    (foto: Elias Storhaug)


Påska ikkje avlyst!

Når korona-viruset fører til avlyste gudstenester i den største kristne høgtida, vil ikkje det seia at påska er avlyst! I år som alle år skal kristne over heile verda feira at Jesus døydde for våre synder og sigra over dødens makt. Me må berre gjera det på ein annan måte. I lag med familie og venner har biskopen vår, Ingeborg Midttømme i mange år feira påskemåltid etter modell av det påskemåltidet Jesus og læresveinane hans feira i Jerusalem. – I år blir dette måltidet ekstra viktig. Når me ikkje kan feira påske i kyrkjene våre, kan me iallfall samlast rundt eit påskemåltid heime», seier ho.  

 

Festmåltid med bibelforteljingar

Eit påskemåltid er eit festmåltid med bibelforteljingar – eller ein bibeltime med festpreg, der me kan ta i bruk alle sansane våre. I tillegg til hovudrett og dessert, har eit påskemåltid ein del symbolske matrettar. T.d. skal ein ta ein persillekvast og dyppa i saltvatn – til minne om israelsfolket sine tårer då dei var i Egypt. Me et også usyra brød, slik israelittane gjorde då dei braut opp frå slaveriet, og me bryt brødet, slik Jesus gjorde den kvelden han innstifta nattverden. Sentralt i måltidet er fire beger med vin eller druesaft: eitt beger for livet, eitt for frelsa, eitt for velsigninga og eitt for håpet.  

Jesus er Guds påskelam. Det går ei linje frå korset tilbake til Egypt, til utgangen frå slaveriet under farao, og til blodet som blei måla på dørstolpane i huset der israelsfolket åt påskelammet.  

     sederfat.jpg
                                               (foto: Elias Storhaug)

Djupe røter

Den jødisk-kristne tradisjonen med å feira påskemåltid, er det nok biskop emeritus i Oslo, Ole Christian Kvarme som har gjort mest for å innføra her til lands. I fjor gav han ut på nytt boka Åtte dager i Jerusalem, som viser korleis den kristne påskefeiringa har djupe røter i Det gamle testamentet og det jødiske folket. Han har sjølv budd i Israel i fleire år, og har venner mellom både jødar og palestinarar. Der feira han påskemåltid i lag med både jødar og Messias-truande jødar, og gjennom m.a. Israelsmisjonen er denne tradisjonen blitt kjent her heime. 

Israelsmisjonen er ein av sju organisasjonar som er med i kyrkja sitt samarbeid om misjon SMM, (Samarbeid menighet og misjon). Israelsmisjonen er opptatt av å gi evangeliet tilbake til det folket som me fekk det frå, det jødiske folket som Jesus var ein del av. Misjonsorganisasjonen tilbyr også avtalar med norske kyrkjelydar som vil vera med og støtta arbeidet deira. Her i Møre bispedøme er det Halvard Roaldsnes som er leiar for arbeidet.  

Israelsmisjonen har gode praktiske opplegg for feiring av påskemåltidet på heimesidene sine

Personar eller familiar som vil bruka opplegget, bestiller det digitalt på nett og får det tilsendt på e-post. Her finst det materiell på bokmål og nynorsk, og noko er tilpassa familiar. Dei som vil, kan også bestilla boka til biskop Kvarme, men den rekk nok ikkje fram i tide til denne påska. Men kanskje kan de prøva opplegget heime i år, og i lag med ei større gruppe neste år?  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"