Medlemsundersøking: Folkekyrkja i Møre står sterkt - trass i koronaeffekt

76% av folket i Møre er medlemmer i Den norske kyrkja viser medlemsundersøkinga 2021. Oppslutninga er mellom dei høgaste i landet. Undersøkinga viser ein nedgang i kyrkjesøking siste året, i stor grad grunna koronarestriksjonane.

Rundt  80% av kyrkjemedlemene i Møre ville valt barnedåp dersom dei fekk born no. Talet held seg stabilt samanlikna med føregåande år. Foto: Bo Mathisen.

Medlemsundersøkinga for Møre bispedømme

Vel halvparten av medlemmene i kyrkja i Møre seier at dei anten trur fast på Gud og ber til Gud, eller trur av og til. Veit-ikkje-gruppa aukar noko.

Trur du på Gud.png

Trass i pandemien viser årets medlemsundersøking at 73% av medlemane i Møre har oppsøkt ei kyrkje (fysisk eller digitalt) i 2021, ein nedgang på 10% frå 2020. Nedgangen er særleg på gudstenester på julaftan, gudsteneste med dåp, konsert- og kulturarrangement i kyrkja og kyrkjeleg gravferd. Dette er i stor grad som venta, sidan perioden denne undersøkinga dekkjer inkluderer jula 2020, då det var strenge grenser for tal deltakarar ved arrangement i kyrkja.

Undersøkinga for Møre viser framleis høg oppslutning generelt om kyrkjelege handlingar og seremoniar:

Rundt  80% av kyrkjemedlemene i Møre ville valt barnedåp dersom dei fekk born no. 80 % ønskjer seg kyrkjeleg gravferd. Rundt 70% av medlemmane ville valt kyrkjeleg konfirmasjon og 64% å gifte seg i kyrkja.

Desse tala held seg stabile samanlikna med dei føregåande åra. 

57 prosent seier kyrkjebygget betyr mykje.png

57 % av kyrkjemedlemmane i Møre meiner at det lokale kyrkjebygget betyr mykje for dei. 72% seier at det er viktig for dei at kommunen held kyrkjebygget ved like.


Tala frå Møre viser at fleire medlemmar har sett informasjon frå kyrkja i lokalavisa enn dei som har mottatt kyrkjelydsbladet. Dette er unikt på landsplan. Den rike floraen av lokalaviser i Møre synest å fange opp og presentere mykje kyrkjeleg stoff.

50 pst har sett innhald frå DnK på sosiale medium.png

Undersøkinga viser også at 73 % av medlemmane i Møre først ville søkt på nett (googla eller sett på kyrkjelyden si nettside) dersom det var noko dei lurte på om kyrkja. Berre kring 10% ville ringe eller besøke det lokale kyrkjekontoret. Ein av tre er positiv til å få tilsendt informasjon om kyrkjeleg aktivitet og arrangement. 1 av 2 har sett innhald fra Den norske kyrkja på sosiale medium.

Nær 60% av kyrkjemedlemmene i Møre er stort sett samde med kyrkja når den uttalar seg. Dette er mellom dei høgste resultata i landet.


Medlemsundersøkinga for Møre bispedømme

Medlemsundersøkelsen for Den norske kirke

Folkekirken står sterkt på tross av koronaeffekt

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"