Magasinet presenterer breitt dei forskjellige yrka du kan velje i kyrkja; prest, diakon, kateket, organist. Gjennom møte med unge frå heile landet fortel dei om sine liv og sine val, og om korleis dei opplever jobben i kyrkja.
Magasinet fortel også litt om trendar og unge sine vegval, gir oppdatert informasjon om studiestader, aktuell statistikk og presenterer student-enquetar frå alle profesjonsstudia.
Rekruttering
Magasinet i papirformat kan bestillast etter behov, og vi håper at bispedøma og dei kyrkjelege fellesråda har rekrutteringsarenaer og -aktivitetar der dette magasinet kan brukast aktivt, seier rådgivar Ragna Dahlen i Kyrkjerådet. Kyrkjerådet held no fram rekrutteringsarbeidet med det nettverket som er etablert i dialog med bispedøme, utdanningsinstitusjonar, organisasjonar og fagforeningar.
Les mer om kateket Anne Marie Sødal
Nettside: Jobb som forandrar
Den norske kyrkja sine nettsider
om utdanning og arbeid
Ragna Dahlen, Kyrkjerådet, tlf: 23 08 12 86
Alice Elnes, Møre bispedøme, mobil: 95 90 10 91