Ga 300.000 kroner til bispedøme i Ungarn

Møre bispedømeråd har gitt 300.000 kroner som støtte til Nordre bispedøme i Ungarn, og deira arbeid med ukrainske flyktningar.

Illustrasjonsbilete: Håvard Bjelland

Møre bispedøme har hatt ein venskapsavtale med Nordre bispedøme i Ungarn gjennom mange år. Ungarn har ei rundt 130 km lang grense til Ukraina, og heile denne grensa ligg i Nordre bispedøme. Sidan invasjonen av nabolandet har kyrkjelydane i bispedømet stilt opp for flyktningar som kjem over grensa.

Møre bispedømeråd har vedteke å støtte vennskapsbispedømet i Ungarn sitt flyktningarbeid med 300.000 kroner. Vedtaket var samrøystes. Det finns og prosjektmidlar som er sett av til diakonalt flyktningarbeid, der kyrkjelydar i Møre kan søkje gjennom ordning for vekstmidlar. Dermed kan støttesummen bli endå større.

På førre møte i bispedømerådet var biskop Tamás med på Teams frå Ungarn. Han fekk fortelje om tiltaka dei gjer for flyktningane, og utrykte takksemd for midlane til å drive dette arbeidet vidare.

Dr. Tamas Fabiny, biskop i The Evangelical Lutheran Church Hungary. Arkivbilete: Tormod Remøy

- Det kjem 9-10.000 ukrainske flyktningar dagleg til Ungarn. For mange er det ein transittstasjon, der dei ventar på vegen vidare. Nokre drar til engelskspråklege land, andre til Tyskland, Frankrike eller Noreg og så vidare. Men mange blir også att her i Ungarn, og vil vere her til krigen er over i heimlandet. Kyrkjelydane i Nordre bispedøme speler ei essensiell rolle i hjelpearbeid, mekling, frivillig innsats og kanalisering av donasjonar og annan hjelp, fortel biskopen.

Gjennom sine kanalar er den evangelisk lutherske kyrkja i Ungarn også med på å hjelpe dei som er igjen i Ukraina på en effektiv måte.

- Vi er i stand til å gje ei hand på tvers av landegrensene. Altså at vi gir bistand til dei flyktningane og innbyggjarane som er igjen i Ukraina, dei som ikkje har hatt moglegheit eller ønskje om å forlate landet sitt endå, forklarar biskop Tamás. Dei flyktningane og innbyggjarane som er igjen i Ukraina får levert mat, medisinar og andre nødvendigheiter for overleving. Ein annan livsviktig nødvendigheit, er luftrensarar.

- Vi ser eit stort behov for luftrensarar, som blir satt opp i underjordiske tilfluktsrom. Våre frivillige fungerer også som «sikkerheitsvakter», der dei held auge med forletne hus og hindrar innbrot og kriminelle raid.

Dei flyktningane som kjem over grensa til Ungarn blir møtt av ulike instansar. Biskop Tamás fortel at kyrkja har organisert hjelpen i forskjellege grupperingar, som eksperthjelp (juridisk rådgjeving og bistand, jobbsøk, medisinar og helsehjelp osv.) og frivillig innsats (husrom, transport, opplegg for skule og førskule, osv.). Som vi skjønar kostar det ein heil del å halde alt dette arbeidet gåande.

- Til våre kjære brør og systrer i nord: ver vennleg og ta imot vår mest oppriktige og hjartelege takk for dykkar generøse bidrag. Kyrkjelydar i Surnadal og Sangvik, Hornindal, Eide, Ørsta og Grytten, og til Den norske kyrkja: takk skal dykk ha. «Bøne-brua» som blei etablert mellom våre og dykkar kyrkjer i år viser seg å vere eit dyrebart band, og ei stor velsigning. Det er tydeleg for meg at dette initiativet blei forberedt av vår kjærlege og omsorgsfulle Jesus Kristus og vår Fader i himmelen. Guds høge tankar er forbløffande, og det inspirerer vår forplikting til å saman danne ei kjede av guddomleg kjærleik.

 

Biskop Ingeborg Midttømme og biskop Tamas. Arkivbilete: Tormod Remøy
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"