Hornindal del av Møre bispedøme

Under gudstenesta i Hornindal kyrkje 1. søndag i advent blei det markert at Hornindal frå årsskiftet blir ein del av Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedøme.

MARKERTE OVERGANG: Søndag vart overgangen for Hornindal sokn frå Bjørgvin til Møre bispedøme markert i Hornindal kyrkje. Bak f.v.: Stig Olav Lødemel, ordførar i Hornindal; Sølvi Dimmen, ordførar i Volda. Framme f.v.: Hege Høibye, sokneprest i Hornindal; biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug; biskop i Møre, Ingeborg Midttømme; den nye soknepresten i Hornindal, Austefjord og Storfjorden, Per Kristian Hovden Sætre. (foto: Bjørn Olaf Storhaug)

Hornindal går dermed over fra Nordfjord prosti i Bjørgvin bispedøme til Møre bispedøme, og den kyrkjelege verksemda blir ein del av Nye Volda kyrkjelege fellesråd.

Biskopane fra Møre og Bjørgvin deltok under gudstenesta saman med ordførarane i Volda og Hornindal, prostar, prestar og andre kyrkjelege tilsette i Volda og Hornindal. Under kyrkjekaffien etter gudstenesta vart det gjeve helsingar.

Hornindal kommune blir frå årsskiftet del av Nye Volda kommune, som eit resultat av kommunereforma. Dagen i kyrkja var preget av blanda følelsar, men det berande var takksemd for det som hadde vore og forventning til det som skal kome.

Vi ønskjer Hornindal sokn velkomen til fellesskap i Møre bispedøme.

Hornindal2.jpg

BILDET: Festgudsteneste i Hornindal kyrkje, då biskopar, prostar, prestar og kyrkjelege tilsette frå Bjørgvin og Møre markerte overgangen for Hornindal sokn frå Bjørgvin til Møre. (foto: Bjørn Olaf Storhaug)

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"