Både biskopen og bispedømerådet går i sine høyringssvar inn for at kyrkjemøtet bestemmer kyrkjeleg organisering og inndeling, og at staten overtek ansvaret kommunane i dag har for finansiering av den lokale kyrkja.
Møre bispedømeråd støttar i sin høyringsuttale at det kjem ei ny lov om trus- og livssynssamfunn som forenklar og behandlar likt. Rådet viser til at Den norske kyrkja som majoritetskyrkje, forankra i Grunnlova §16 og med over 70% av folket som medlemer, treng eit meir utvida lovfundament enn andre trus- og livssynssamfunn. Dette er det lagt opp til i lovframlegget.
Bispedømerådet støttar at Kyrkjemøtet skal fastsette nærare bestemmingar om kyrkja si organisering, inndeling, organ og val av desse. Rådet meiner prinsipielt at ei rammelov ikkje bør seie noko om inndeling og organisering, og at det er å ta Kyrkjemøtet sin status som sjølvstendig juridisk subjekt på alvor når lovutkastet ikkje meiner noko om dette.
Bispedømerådet meiner også at staten skal overta det ansvaret kommunane i dag har for finansiering av den lokale kyrkja. «Det er ein naturleg konsekvens av at Den norske kyrkja blir meir sjølvstendig, at banda til stat og kommune losnar. […] Det er prinsipielt rett å ikkje binde kyrkjelege strukturar og spørsmål om inndeling til dei kommunale strukturane. Møre bdr. vil løyse bindinga til kommunane og til kommunale strukturar og går inn for at staten overtar finansieringsansvaret for den lokale kyrkja», seier bispedømerådet i uttalen.
Les heile høyringssvaret frå Møre bispedømeråd
Møre biskop skriv i sin høyringsuttale at det nye lovutkastet skaper ein føreseieleg situasjon for verksemda til alle trus- og livssynssamfunn og viser statens vilje og evne til å styrkje og verne trus- og livssynsfridomen.
Møre biskop sluttar seg til lovutkastet sitt framlegget om at kyrkjemøtet skal fastsette nærare bestemmingar om kyrkja si organisering, inndeling, organ og val av desse, og i uttalen understrekar ho:
«En lovfesting av prestens, prostenes og biskopens tjeneste vil understreke og sikre kirkens landsdekkende tilstedeværelse og alle døptes mulighet til jevnlig å samles til gudstjeneste. En slik lovbestemmelse vil ytterligere synliggjøre at kirken er den samme selv om den kirkelige organisering kan endres. Møre biskop leser ikke dette forslaget som å foregripe avgjørelser om en fremtidig kirkelig organisering. Den ligger til Kirkemøtet å avgjøre. Dette lovforslaget sier ikke noe om hvilke demokratiske organ en prost skal samhandle med. Det kan i fremtiden som i dag, være et kirkelig fellesråd.»
Møre biskop går vidare inn for at staten skal overta det ansvaret kommunane i dag har for finansiering av den lokale kyrkja: «Statlig overtakelse av finansieringsansvaret vil i større grad enn i dag sikre likebehandling innad i Den norske kirke. […] Likebehandlingsprisippet innad i Den norske kirke kan faktisk bare ivaretas om all økonomi fordeles av 1 kirkelig organ», skriv biskopen i sitt høyringssvar.