Regjeringa vil utarbeide ei ny heilskapleg lov om trus- og livssynssamfunn. Les korte fakta om arbeidet og prosessen med det nye lovutkastet fram mot endeleg sanksjonering av Kongen i statsråd.
Den nye lova om trus- og livssynssamfunn vil omfatte lovgiving og finansieringsordningar for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynsamfunn.
Den nye lova er foreslått å erstatte dei tre lovene:
• Kyrkjelova
• Lov om trudomssamfunn og ymist anna
• Lov om tilskot til livssynssamfunn
Dei sentrale formåla med den nye lova:
• oppdatere, forenkle og effektivisere dagens rettslege regulering og finansiering av
Den norske Kyrkja og dei andre trus- og livssynssamfunna.
• Sjå til at regelverket i større grad behandlar trus- og livssynssamfunna likt.
Aktuelle temaområde og problemstillingar i arbeidet med den nye lova:
• Vilkår for registrering og tilskot
• Rapportering og tilsyn
• Medlemskap i trus- og livssynssamfunn
• Trus- og livssynssamfunn og anna regelverk
• Særleg lovregulering av Den norske kyrkja
• Gravplassforvaltning
Grunnlova § 16:
”Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten”
• Stortinget overlet til Kyrkjemøtet å fastsette ordningar for den norske kyrkja
• Framtidig finansiering av Den norske Kyrkja: Skal det framleis vere kommunal finansiering av
kyrkjene lokalt, eller skal det vere eí samla rammetildeling til Den norske Kyrkja?
• Ikkje ”kyrkjeskatt” eller "livssynsavgift". Det blir opp til trussamfunna sjølve om
dei vil nytte ”medlemskontingent”
• Høyringsinstansen svarar kort om ein er samd eller usamd i forslaga, og kor viktig
ein meiner det aktuelle spørsmålet er.
• Høyringsfristen er 31. 12. 2017
-------
Vidare behandling i Stortinget
Etter at høyringsfristen går ut ved årsskiftet vil det følgje ei
Stortingsmelding om trus- og livssynspolitikken, der m.a. desse dimensjonane blir omtala:
• Det livssynsopne samfunnet – korleis legge til rette?
• Ytringsfridom, religionsfridom og samfunnet
sine felles verdiar
• Trus- og livssynsdialog
• Trus – og livssynsmangfald og praktisk tilrettelegging
• Trus- og livssynsteneste i offentlege institusjonar
• Religiøse symbol i det offentlege rom
• Forholdet mellom trus- og livssynspolitikken og integreringsspørsmål
Kyrkjeavdelinga i Kulturdepartementet vil parallelt arbeide vidare med det endelege lovforslaget; vurdere innkomne høyringsinnspel samt kommentarar frå Stortinget.
Regjeringa vil deretter fremme lovforslaget som ein proposisjon til Stortinget.
Stortinget arbeider med forslaget og alle stortingsrepresentantar kan då fremme forslag til den nye lova. Deretter vil den aktuelle fagkomiteen på Stortinget drøfte lovforslaget. Under dette komitéarbeidet er det ikkje uvanleg å invitere til avgrensa høyringar, for å finne ut kva fagpersonar og direkte berørte grupper meiner om forslaget og kva konsekvenser det kan få. Komitéen gir så si innstilling, med forslag til vedtak, til Stortinget.
Lovforslaget kjem så opp til endeleg behandling i Stortinget i to omgangar, med minst tre dagars mellomrom.
Etter endeleg vedtak blir brev om vedtaket frå lovbehandlinga sendt til Kongen for sanksjonering.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.