Justering av hovudgudstenesta skal samordne og forenkle

Den justerte ordninga for hovudgudstenesta innber samordning og forenkling i høve til m.a. fellessong, liturgisk musikk, rituala og Fadervår. Intensjonen er å gjere gudstenestene enklare og lettare å kjenne att for kyrkjelydane. Justeringane skal gjelde frå det nye kyrkjeåret.

Hovudgrepet i den justerte ordninga for hovudgudstenesta er at der kyrkjelydane er aktive deltakarar i gudstenesta, skal det gjennom den nye justerte ordninga bli endå rikare mogelegheiter til dette.

Det var kyrkjemøtet som i 2011 vedtok Ordning for gudstenesta. No er denne ordninga evaluert og justert - og endringane vedtatt sentralt. Lokal grunnordning blir no justert i tråd med dette.

Hovudgrepet er at der kyrkjelydane er aktive deltakarar i gudstenesta, skal det gjennom den nye justerte ordninga bli endå rikare mogelegheiter til dette.

Ved inngangen til nytt kyrkjeår 1. sundag i advent 2020 skal kyrkjelydane ha gjort vedtak om ny lokal grunnordning. Ny grunnordning skal forankrast i soknemøte og i sokneråd. For å gjere gode val er det viktig at tilsette og sokneråd gjer seg kjent med dei ulike alternativa og endringane. Ein ny ressursbok; Gudsteneste med rettleiingar/Gudstjeneste med veiledninger er sendt til prestane og viser dei ulike alternativa kyrkjelyden skal ta stilling til.

Hamar bispedøme har i tillegg laga godt ressursmateriell i samband med justeringa. Ole Kristian Bonden og Ole Andreas Fevang har laga 3 undervisningsvideoar. Bonden er prost/prest og medlem i kyrkjemøtet og sit i komiteen som handsamar liturgiske spørsmål. Fevang er kantor/organist og har gjennom 12 år vore medlem i «Nemnd for gudstjenesteliv for Dnk».

Videoane kan brukast som gode ressursar når prestar, kantorar og andre tilsette skal gjere seg kjent med den justerte gudstenesteordninga, og videoane kan brukast til undervisning i kyrkjelyden i samband med gjennomføring soknemøte og handsaming i sokneråd.

Video 1/3 Justering av hovudgudstenesta – Bakgrunn og lokal gjennomføring

Video 2/3 Justering av hovudgudstenesta – Liturgiske musikk og boka «Gudsteneste med rettleiingar»

Video 3/3 Justering av hovudgudstenesta – Gudstenesta ledd for ledd

 

For å gjere seg betre kjent med den liturgiske musikken viser vi til desse lenkene:

· Allmen hovedserie 1

· Allmen hovedserie 2

Noter til denne serien er samlet i heftet "Med samrøysta lovsong", som er sendt til alle menigheter. Heftet kan også kjøpes på notebutikken.no 

Allmen hovedserie 2 finnes innspilt med band 

Allmen hovedserie 3

Serie for festtid

Serie for faste

 

Opplæring og tilrådd tidslinje

(sjå «Gudsteneste med rettleiingar», hovuddel. 10, «Almenne føresegner for ordning for hovudgudsteneste» (side 249ff), avsnitt C, «Reglar for fastsetjing av Lokal grunnordning», punkt 53 (side 256)

  • Før sommaren: Opplæring av prestar og kantorar/kyrkjemusikarar. Desse faggruppene kan utarbeide framlegg til lokal grunnordning – i dialog med andre tilsette, utval og sokneråd.
  • September: Framlegg til justert ordning blir lagt fram på soknemøte
  • 10. oktober: Frist for innsending til prost/biskop
  • 1. sundag i advent: Justert gudstenesteordning blir innført i kyrkjelyden


Spørsmål og svar

Om nokon har spørsmål knytt til innføring av ny grunnordning, så ta kontakt med bispedømekontoret, v/leiar kyrkjefagavd., Arvid Helle, rådgivar kultur og kyrkjemusikk, John Erik Brakstad eller med biskop Ingeborg. Eller ta kontakt med prost eller prest/kantor i eigen kyrkjelyd.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"