Liturgisk musikk og salmesong

På ein særleg måte har den lutherske kyrkja ein kyrkjemusikalsk arv i form av salmar og songar som blir brukte ved gudstenester og kyrkjelege handlingar. I salmebøkene finn vi eit mangfald av tekstar og musikk som speglar kristen tru gjennom mange hundre år og fram til vår tid. Salmeskatten vår er ei kjelde til inspirasjon og fordjupning. Å skape nye uttrykk for gudstrua i samtida gjennom song, er ein kontinuerlig prosess.

Ved vigsler og gravferder blir det ofte gjort tradisjonalle val av salmar og musikk. I mange høve ønsker dei pårørande eller brudeparet musikalske og verbale innslag som gir den gudstenestlege handlinga personleg nærleik og særpreg. Dette kan skje gjennom ulike former for musikalsk medverknad frå kyrkjemusikaren eller andre.