Kystpilegrim til Veøya

Fredag 14. mai reiste fire båtar frå Molde med eit femtitals pilegrimar om bord. Målet var den heilage øya midt i Romsdalsfjorden – Veøya. I sommar blir det tilbod om liknande turar to gonger i veka. Denne gongen fekk pilegrimane følgje av forfattar Edvard Hoem. Han heldt foredrag om boka «Jordmor på jorda», som hentar handlinga si frå Veøya og Nesjestranda.

Kystpilegrim til Veøya

Arrangørane hadde lagt opp til eit allsidig program på Veøya. Pilegrimane fekk omvisning av dyktige guidar som fortalde levande og engasjert om den rike historia til øya. I mellomalderen var dette den viktigaste kaupangen mellom Bergen og Trondheim. Øya låg strategisk til midt i skipsleia og var eit viktig sentrum, både for kongsmakt og for kyrkje. Her er det gjort viktige arkeologiske funn, som til dømes ei kristen grav frå så tidleg som på 900-talet. I åra etter svartedauden, gjekk det nedover med bysamfunnet på Veøya, og til slutt var det berre prestegarden og kyrkja igjen her.

Edvard Hoem si bok «Jordmor på jorda» skildrar samfunnet den gongen Veøya var kyrkjeleg senter i eit stort prestegjeld som strekte seg til både Rødven, Sylte og Vestnes. Hovudpersonen i boka er Hoem si eiga tippoldemor, Marta Kristine Andersdatter Nesje, fødd i 1793, som gjekk  til Oslo for å bli jordmor.

Veøya er ein av nøkkelstadane langs Kystpilegrimsleia til Trondheim. I Møre bispedøme har vi seks nøkkelstader: Herøy, Giske, Borgund, Veøya, Kvernnes og Edøya. For å få tildelt Olavsbrev som kystpilegrim, skal ein samle stempel i pilegrimspasset frå minst seks nøkkelstader langs leia mellom Egersund og Trondheim, utanom eit siste stempel frå Nidarosdomen. Les meir om Veøya her.

Turane til Veøya sommaren 2021 er eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Kystpilegrimsleia og Den norske kyrkja i Molde, som har laga til ei opplevingspakke med båttransport til øya, formidling av den rike historia, og tidebøner i Veøy kyrkje. Desse turane vil gå frå Rekneskaia i Molde torsdagar og søndagar frå 20. juni til 15. august. Les meir om turane her

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"