Kystpilegrimsstadar i bokform

Nøkkelstadar og andre stoppestadar for kystpilegrimsleie langs Norskekysten er no dokumentert i boka «Kystpilegrimsleia - Sjøveien til Nidaros». – Eit viktig bidrag til pilegrimslitteraturen, og eit viktig oppslagsverk for alle som er opptekne av kyrkjestadar i Møre, meiner biskop Ingeborg Midttømme.

Ferjereiser er ein del av vår tids kystpilegrimsreise. Biskop Ingeborg Midttømme og fylkeskonservator Bjørn Ringstad er glade for at kystpilegrimsstadane langs Mørekysten har fått rik plass i forfattaren Rune Nylund Larsen (midten) si nye bok om Kystpilegrimsleia. (foto: Svein Magne Harnes)

Kystpilegrimsstadar i Møre bispedøme er mellom dei som har fått mest omtale i boka, og mellom desse stadane er: St. Jetmund kyrkje, Herøy gamle kyrkje og handelsstad, Ulstein gamle kyrkje, Giske kyrkje, Borgund kyrkjestad, Veøya kyrkjestad, Rødven stavkyrkje, Bud, Kvernes kyrkestad, Rastarkalv og Frei kyrkje, Tingvoll kyrkjestad, Grip, Edøy gamle kyrkje.

– Vi er alle undervegs som menneske. Kystpilegrimsleia reflektererer den historiske arven og bekreftar vår tids menneske sin søken etter samanheng,  tilhøyrsle og ei trygt ankerfeste, seier biskop Ingeborg Midttømme.

– Kystpilegrimsleia representerer ein eigen dimensjon, og er eit nødvendig supplement til den indre pilegrimsleden frå Oslo til Nidaros. I vårt område heng kystpilegrimsleie også saman med St. Olavsleden frå Valldal til Dovre, seier biskopen – som sjølv både har vandra Valldalsleden og sigla delar av kystpilegrimsstrekninga langs Mørekysten.

 

   

PILEGRIM: Menneske har reist til alle tider, og kyrkjestadane langs kysten var både ei viktig tilflukt og eit mål for mange reisande, viser forfattar Rune Nylund Larsen (t.v.), fylkeskonservator Bjørn Ringstad og biskop Ingeborg Midttømme. Boka om kystpilegrimsleia dokumenterer desse kyrkjestadane i tekst og fotos. (foto: Svein Magne Harnes)

Boka om Kystpilegrimsleia er bokstaveleg tala blitt til under pilegrimssiglas, ettersom forfattaren, Rune Nylund Larsen, var lettmatros då kystpilegrimsleie vart offisielt opna med ein siglas sommaren 2018. Inntrykk og erfaringar frå denne sjøreisa er no blitt til eit praktverk, der alle kystpilegrimsstader frå Egersund til Nidaros blir presenterte gjennom fotos og artiklar.

– Mørekysten var mellom dei områda eg var minst kjent med, og eg er mektig imponert over natur og kulturlandskap, og ikkje minst over den gjestfridomen eg vart til del, seier forfattar Rune Nylund Larsen. Han framhevar biskop Ingeborg sin entusiasme og engasjement i pilegrimssatsinga langs kysten.

Nylund Larsen seier kyrkjestadene i Møre ligg plassert som elles i landet, på oddar og nes, lett tilgjengeleg frå sjøen – som var tidlegare tiders hovudfartsåre: – Nokre stadar er i dag vanskelegare tilgjengelege, som t.d. Veøya – men opplevinga er desto større for den som kjem dit, understrekar han.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"