På Møre bispedømmekontor i Molde er det for tida lyst ut tre ledige stillingar:
Her kan du vere med på å utvikle avdelinga innan fagfelta misjon, kyrkjelydsutvikling, vennsakpsarbeid og dialogarbeid. Vi vil at rådgivaren skal vere ein ressurs i kyrkjefagforvaltninga med særleg god innsikt i liturgiske spørsmålsstillingar, teologi, gudstenesteordningar og kyrkjeordning.
Vil du vere med på å utvikle Møre bispedøme? Bispedømet treng ein klok og erfaren leiar med brei kyrkjefagleg kompetanse. Leiar lyt ha kjennskap og kunnskap til kyrkjeleg organisering, til dei kyrkjefaglege områda, til prestetenesta og til arbeidet i kyrkjelydane.
Møre bispedøme ser etter ein ny medarbeidar som vil vere med å utvikle arbeidet med vår viktigaste ressurs - våre tilsette! Stillinga er plassert i personalavdelinga, og avdelingsleiar personal er næraste leiar. Av dei ulike arbeidsoppgåvene kan ein mellom anna nemne sakshandsaming og rådgjeving for arbeidsgivar, koordingering av HMS-arbeidet og rekruttering og tilsetting.