Maria bodskapsdag 27. mars

Maria bodskapsdag er ein av kyrkja sine høgtidsdagar.

Alterskapet i Ørsta kyrkje med dørene attlatne. Her er det på venstre side måla eit bilete av jomfru Maria då ho tok imot Den Heilage Ande.

Dagen markerer hendinga som er omtala i Lukas-evangeliet 1. kapittel, vers 26-56, då erkeengelen Gabriel kom til jomfru Maria med bodskap om Jesu fødsel. Opphavleg var denne dagen feira 25. mars, som er ni månadar før jul. Dagen feirast hos oss på den sundagen som kjem nærmast denne datoen, og i 2022 er dette den 27. mars.

Maria bodskapsdag er ein festdag midt i fastetida. Feiringa av dagen starta allereie rundt år 350, og rundt år 700 vart den ein fast festdag 25. mars.  

I Ørsta kyrkje er det lange tradisjonar for å late att alterskapet denne dagen. Alterskapet står for det meste opent elles i året, men akkurat på Maria bodskapsdag passar det bra å syne fram utsida av vengedørene. Her er det nemleg måla eit bilete av jomfru Maria då ho tok imot Den Heilage Ande.

Maria og dua på eine vengedøra til alterskapet i Ørsta kyrkje, som er late att på Maria bodskapsdag. Skapet er også lukka i adventstida og opnast under juleotta første juledag klokka 7.

 

Alterskapet i Ørsta kyrkje kan for øvrig vere verdt ei vitjing i seg sjølv. Det tilhøyrer den såkalla Lekagruppa, beståande av ei knippe alterskap som truleg kjem frå same verkstad i Nederland. «Det nær 600 år gamle alterskapet er ein av dei verkeleg store kunstskattane i Ørsta kommune. Skapet vart truleg laga i nordre del av Nederland i starten på 1500-talet, og har stått i Ørsta sidan den gamle kyrkja var i bruk», skreiv lokalavisa Møre-Nytt om skapet, då det skulle til konservering i 2011.

 

Alterskapet i Ørsta kyrkje, med dørene opne. Biletet er frå før konserveringa i 2011. Foto: Møre-Nytt

 

Innsida av alterskapet i Ørsta kyrkje.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"