Markerer salmediktaren med gudsteneste på Veøya 21. juli

I vinter runda diktaren Edvard Hoem 70 år. Hoem er ein av fornyarane av den nynorske salmen. Dette blir markert under ei innhaldsrik gudsteneste i mellomalderkyrkja på Veøya 21. juli.

Saman med Edvard Hoem (t.h.) og sokneprest Tormod Remøy (t.v.) i Bolsøy har biskop Ingeborg Midttømme planlagt ei rikhaldig gudsteneste og markering på Veøya 21. juli. Under samlinga vil mange av salmane til Edvard Hoem bli sunge, forfattaren vil lese utdrag frå romanen "Jordmor på jorda" og Hoems forbøn til grunnlovsjubileet i 2014 blir nytta under Forbøna. (foto: Svein Magne Harnes)
– Gjennom diktinga si har Edvard Hoem gitt oss mange salmar som ofte er i bruk over heile landet. Desse har blitt ein del av salmeskatten, som gir oss eit språk for tilhøyrsle og tru. Gjennom bøkene som er knytte til Romsdal, hjelper han oss å sjå det som er våre røter. I den siste boka; "Jordmor på jorda" er Veøya sentral. Alt fell inn i ein djup sammenheng - og slik er det at vi med takksemd vi feirar gudsteneste på Veøya søndag 21. juli, seier biskop Ingeborg Midttømme.
 
 
Veøya: Mellomalderkyrkja på Veøya er møtestaden 21. juli, der forfattaren Edvard Hoem sitt
70-årsjubileum blir markert med gudsteneste. Hoem sine salmar blir sunge, og forfattaren blir sjølv med  og les m.a. utdrag frå romanen "Jordmor på jorda".
 
Biskopen fortel at ho lenge har hatt tanken om å invitere til ei gudsteneste i juli månad, idet jazzfestivalen er over: – Tanken er at så mange som råd må få oppleve Veøya som ei kjelde. Røtene våre er vår kjelde til liv. Mange reiser til Veøya og ser kyrkja. No får vi oppleve korleis og kvifor kyrkja er kyrkje gjennom hundreåra og framleis gir meining til liva våre i dag - og for slektene som kjem, seier Midttømme.
 
Saman med Edvard Hoem og sokneprest Tormod Remøy i Bolsøy har ho planlagt ei rikhaldig gudsteneste og markering på Veøya. Der vil mange av salmane til Edvard Hoem bli sunge, forfattaren vil lese utdrag frå romanen "Jordmor på jorda" og Hoems forbøn til grunnlovsjubileet i 2014 blir nytta under Forbøna.

Predikant denne søndagen er Paul Knudson, som i mange år gjorde teneste som pastor i den evangelisk-lutherske kyrkja i Canada. Dermed blir banda over havet, som Hoem har beskrive i sine nyaste romanar, også stadfesta.
 
Etter gudstenesta blir det tid til å nyte det den enkelte måtte ha med seg av mat og kaffe, før det blir høve til å høyre foredrag ved konservator ved Romsdalsmuseet Mads Langnes.
 
Veøya er nøkkelstad i Kystpilegrimsleia, og under samlinga på Veøya blir det høve til å skaffe seg pilegrimspass og få stempla dette.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"