Ny biskop i Møre sitt vennskapsbispedøme i England

Møre sitt vennskapsbispedøme i England, Newcastle, har utnemnd Mark Wroe til ny biskop i Berwick, ein by heilt nord i bispedømet. Mark Wroe blir den andre biskopen på 448 år i Berwick!

Mark Wroe (t.h.) er utnemnd til ny biskop i Berwick, heilt nord i Newcastle bispedøme, vennskapsbispedømet til Møre. Han blir den andre biskopen i Berwick på 448 år. Mark vil samarbeide nært med biskop Christine (t.v.) i Newcastle.

Mark skal etterfølgja Mark Tanner, som no er blitt biskop i Chester, lenger vest i Nord-England. Biskopen i Berwick er assisterande biskop til biskopen i Newcastle, Christine Hardman. Ho seier ho er glad for at Mark Wroe har tatt imot stillinga, ettersom han er svært godt kjend der, etter 13 år i ulike stillingar i bispedømet. Han er også fødd og oppvaksen i regionen.

Mark Wroe har vore prost i det sentrale Newcastle og er no  «archdeacon» i Northumberland, ein overordna stilling i bispedømet. Han seier sjølv at det er eit stort privilegium å bli kalla til biskop i Berwick og tena Gud i lag med biskop Christine i Newcastle bispedøme.

Det er ei utfordrande tid for kyrkja no, og han ser fram til å møta desse utfordringane saman med resten av bispedømet: «Men eg veit det vil berre vera mogleg med full visse om at kvar einaste ein av oss er elska, kalla og sendt av Gud,» seier han.

Mark kjem til å bli vigsla til biskop tidleg neste år av erkebiskopen i York, Stephen Cottrell. Møre bispedøme ønskjer Guds signing over tenesta hans og over venskapsbispedømet vårt.

 

Video: biskop Christine presenterer den nye biskopen av Berwick 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"