Regnbogemesse i domkyrkja

For første gong vart det arrangert regnbogemesse i Molde domkyrkje.

I samband med Regnbogemessa i domkyrkja, hadde også Ragna Kvernberg ei kunstutstilling som ein kunne sjå både utanfor og inne i kyrkja. Bilete: Privat

Laurdag 10. september blei ein historisk dag for Molde domkyrkje. Regnbogemessa, som feirar mangfald og ikkje-heterofil kjærleik, blei halden for første gong her. Arrangementskomiteen som fekk messa i gang, består av Molde sokneråd, Open folkekyrkje, Molde KFUK-KFUM og Bjørnsonfestivalen.

 

- Det var eit godt oppmøte, og det var veldig kjekt å sjå. Det var og ei veldig samansett forsamling. Og for eit viktig arrangement! Regnbogen har alle fargar, og det er eit passande symbol på at det også skal vere plass for alle i kyrkja. Derfor var dette eit viktig arrangement. Det er ei stadfesting på at homofile høyrer til i kyrkja. Om det er ein stad du skal kunne få leve som deg sjølv i lyset, så må det vere her, seier Margaret Mørk, som er leiar av Molde kyrkjelydsråd og leiar av arrangørkomiteen.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"