Frist for innføring av ny hovudgudsteneste nærmar seg

Kyrkjerådet har gitt bispedøma høve til å utsetje frist for innføring av justert hovudgudsteneste og lokale grunnordningar. Møre bispedømeråd har bestemt at 1. pinsedag er fristen for å ta i bruk justert gudstenesteordning etter ny alternativa i den nye gudstenestebok. Søknadsfrist er 15. april.

Frist for innføring av ny hovudgudsteneste nærmar seg

Innføring av justert hovudgudsteneste og nye lokale grunnordningar er for mange kyrkjelydar ei lita sak. Gjeldande grunnordningar har på dei fleste områder ein orddel og ein musikkdel som er innanfor ordningane i den nye gudstenesteboka. Andre kyrkjelydar etablerte lokale grunnordningar i samband med gudstenestereforma frå 2011, der både orddelen og musikkdelen no lyt justerast mykje for å passe til dei godkjente alternativa i gudstenesteboka.

Ein kyrkjelyd har ofte fleire lokale grunnordningar. Den viktigaste grunnordninga er grunnordning for hovudgudsteneste. Denne ordninga bør få sterkast fokus og gudstenesteordninga skal altså primært setjast saman av element frå gudstenesteboka. Andre lokale grunnordningar (t.d. for familiegudsteneste, forkorta gudsteneste, ungdomsgudstenester) er også underlagt reglane i gudstenesteboka, men det er nok lettare å få dispensasjon til desse grunnordningane.

Det er soknerådet som vedtar lokal grunnordning! Saka bør førebuast av gudstenesteutval og/eller av prest og kantor. Endring av grunnordning skal leggjast fram for kyrkjelyden sitt soknemøte. Soknemøtet kan gi uttale. Soknerådet godkjenner lokal grunnordning, og sender vedtak tenesteveg til prost. Prosten ser til at grunnordninga er forankra i gudstenesteboka sine alternative gudstenesteledd.

Dersom  soknerådet sitt vedtak om lokal grunnordning ikkje er forankra i gudstenesteboka sine alternativ, skal det sendast dispensasjonssøknad. Søknadsfrist er 15. april. Krav til søknad går fram av tidlegare utsendt brev eller kan finnast Her

Ressursar

Ressursbok: Gudsteneste med rettleiingar/Gudstjeneste med veiledninger er sendt til prestane og viser dei ulike alternativa kyrkjelyden skal ta stilling til. Kyrkjene har også fått den nye gudstenestebøkene og dei nye bøkene for den liturgiske musikken

Gudstenestejusteringar er utfordrande. Kantor og prest er gode ressurspersonar, men det er viktig at soknerådet også set seg godt inn i saka og gjer gode og oversiktelege vedtak. I tillegg til bøkene som er nemnt over, er det utvikla anna mykje godt hjelpestoff. Møre bispedøme viser til vedtaksmalen under og ber om at soknerådet brukar denne eller andre liknande ressursar som grunnlag når saka skal leggjast fram for soknemøtet og kjem til vedtak i sokneråd.

Vedtaksmal kan du finne her 

I tillegg til vedtaksmalen finn ein gode ressursar på nettstaden ressursbanken.no Der finn ein webinar og presentasjon av dei ulike alternativa soknerådet skal ta stilling til og ein kan også spele av dei ulike alternativa til den liturgiske musikken.

Vi har også tidlegare vist til ressursmaterialet som Hamar bispedømme har utvikla, og vil framleis vise til desse gode ressursane. Ole Kristian Bonden og Ole Andreas Fevang har laga 3 undervisningsvideoar. Bonden er prost/prest og medlem i kyrkjemøtet og sit i komiteen som handsamar liturgiske spørsmål. Fevang er kantor/organist og har gjennom 12 år vore medlem i «Nemnd for gudstjenesteliv for Dnk».

Videoane kan brukast som gode ressursar når prestar, kantorar og andre tilsette skal gjere seg kjent med den justerte gudstenesteordninga, og videoane kan brukast til undervisning i kyrkjelyden i samband med gjennomføring soknemøte og handsaming i sokneråd.

Video 1/3 Justering av hovudgudstenesta – Bakgrunn og lokal gjennomføring

Video 2/3 Justering av hovudgudstenesta – Liturgiske musikk og boka «Gudsteneste med rettleiingar»

Video 3/3 Justering av hovudgudstenesta – Gudstenesta ledd for ledd

 

For å gjere seg betre kjent med den liturgiske musikken viser vi til desse lenkene:

Allmenn hovedserie 1

Allmenn hovedserie 2

Noter til denne serien er samlet i heftet "Med samrøysta lovsong", som er sendt til alle menigheter. Heftet kan også kjøpes på notebutikken.no

Allmenn hovedserie 2 finnes innspilt med band

Allmenn hovedserie 3

Serie for festtid

Serie for faste

Spørsmål og svar

Om nokon har spørsmål knytt til innføring av ny grunnordning, så ta kontakt med bispedømekontoret, v/leiar kyrkjefagavd., Arvid Helle, rådgivar kultur og kyrkjemusikk, John Erik Brakstad eller med biskop Ingeborg. Eller ta kontakt med prost eller prest/kantor i eigen kyrkjelyd.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"