Audhild Mork sin nynorske salme - Fager kveldssol smiler♫

Den nynorske salmen lever i mange, frå vogge til grav - og er ein stor rikdom. Møre bispedøme markerer 150 år med nynorske salmar ved å utfordre kjende personar til å dele sin salme. Varaordførar i Aukra kommune; Audhild Mork, deler sin salme: "Fager kveldssol smiler"♫

Audhild Mork, varaordførar i Aukra, vel seg den nynorske salmen "Fager kveldssol smiler". – Mine forfedre og formødre fann kvild i denne salmen, seier ho.

Audhild Mork fortel dette om sin nynorske salme:

Fager kveldsol smiler utmerkar seg for meg. Eg set pris på mange salmar, men denne minner meg om Syverplassen, garden mor mi vaks opp på saman med sine 7 sysken på Hareid.

Hareid har ikke særleg kveldsol, men frå Syverplassen har du det. Eg ser for meg historier som er fortalt frå deira oppvekst med hesjing og hardt arbeid.

Som vaksne fann dei helst kvild i denne salmen.

 

Fager kveldsol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.
 
Berre bekken brusar
frå det bratte fjell,
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld!
 
Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
ingi klokke bera
honom kvilebod.
 
Så mitt hjarta stundar,
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.

Tekst: Peter Hognestad, 1904
Melodi: J. Chr. H. Rinck 1827
Norsk Salmebok nr. 187

 

 

SALMESTAFETTEN i Møre bispedøme
Biskop Ingeborg Midttømme sin nynorsk-salme
Konst. fylkesmann Rigmor Brøste sin nynorsk-salme
Fylkesordførar Jon Aasen sin nynorsksalme
Rune Solenes Opstad sin nynorske salme
Else May Norderhus sin nynorsk-salme
Ingrid Rangønes sin nynorske salme


Feiring av den nynorske salmetradisjonen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"