Vestnes kyrkje 150 år

12. september var det 150 år sidan Vestnes kyrkje stod ferdig.

Frå venstre: Erling Nevland, Bodil Bryn Kvistad, Randi Bergundhaugen, Jostein Maude, Richard Powell, Ingeborg Midttømme, Andrew James Lange, Håvard Skrede og John Sylte. Bilete: Tormod Lien

Storhendinga vart markert med jubileumsgudsteneste sundag 18. september. Det store oppmøtet i kyrkja fekk mellom anna sjå biskop Ingeborg Midttømme halde preike, kor og korps spele opp til jubileumsfest, og ordførar Randi Bergundhaugen lese nokre velvalde ord.

Fleire geistlege deltok på gudstenesta. "Mykje folk møtte fram, svært mange gjekk til nattverd. Blant dei frammøtte var det mange som hadde jobba i kyrkja før. Den mest langvegsfarande var Richard Powell, som hadde tatt turen heilt frå Glasgow for å dirigere koret. Han var tidlegare organist i Vestnes", skriv Romsdals Budstikke.

Sokneprest John Sylte og biskop Ingeborg Midttømme. Bilete: Tormod Lien

Då kyrkja vart bygd for 150 år sidan, hamna totalkostnaden på 6000 spesidalar. Det var firmaet Berg og Aas frå Levanger som fekk byggeoppdraget, med ein kontrakt på 3940 spesidalar. Den gamle kyrkja var
tatt og selt til ein kjøpar frå Ålesund. Delar av gamlekyrkja endte til slutt i Ørsta som material i eit bygg som enno står midt i sentrum, kan ein lese i jubileumsboka "Vestnes kyrkje 150 år", som nettopp vart gitt ut. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"