Vikar for rådgivar diakoni

Diakon Asbjørg Oksavvik Sve er engasjert i 20% stilling som rådgivar diakoni fram til 31. juni. Asbjørg går inn i deler av stillinga til rådgivar diakoni og kyrkjefag Eline Elnes Rabbevåg, som har omsorgspermisjon.

Asbjørg er til dagleg tilsett i heil stilling som diakon i Ålesund kyrkjelege fellesråd og har arbeidsområdet sitt lagt til Skodje og Ørskog sokn. No har ho permisjon i 20% av stillinga si for å gå inn som vikar i deler av rådgivarstillinga ved bispedømekontoret. Asbjørg er også med i det nye fagutvalet som er oppretta for diakonane og ho har lang røynsle som diakon i Møre bispedøme og har gjort teneste i fleire kyrkjelydar på Sunnmøre. Ho er busett i Ålesund, i gamle Skodje kommune.

Som rådgivar diakoni vil Asbjørg på vegne av Møre bispedøme og Møre biskop, vere kontaktperson for diakongruppa. Ho vil føre vidare dialogen og samhandlinga med diakonane og vil vere bispedømet sitt bindeledd i møte med kyrkjelydane. Ho vil, saman med fagutvalet for diakonane, ha ansvar for tilrettelegging og gjennomføring av fag- og tilsynssamlingar. Asbjørg vil i liten grad ha eiga kontortid  i Molde, ho vil arbeide via telefon, på digitale plattformer og via sosiale medier, og er tilgjengeleg innanfor ramma av 20% stillingsressurs. Asbjørg vil vere knytt til kyrkjefagavdelinga ved bispedømekontoret.

Møre bispedøme er glade for at Asbjørg har høve til å gå inn i engasjementet og trur at ordninga vil fungere godt i tida den faste rådgivaren er i  omsorgspermisjon.

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:
Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider: etter avtale

 

Fakturaadresse:
Den norske kyrkja
v/Møre bispedøme
Scanningsentralen,
Rjukan Næringspark

3660 Rjukan

EHF-id./org.nr: 818 066 872

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"