Vil kjempe for ungdom i kyrkja

– Litt meir merksemd frå kyrkja hadde vore viktig for mange unge. Berre eit signal om dei er sett. Ungdom treng tilhøyrsle og tåler ein djup samtale om trusspørsmål, seier Rasmus Elias Myklebust og Mikael Heian Frølandshagen i Ungdomsrådet i Møre bispedøme. No vil kyrkja gje ungdomsdemokratiet endå sterkare forankring og større merksemd.

Frå v. Rasmus Elias Myklebust og Mikael Heian Frølandshagen er to av ungdommane i det nye Ungdomsrådet i Møre bispedøme

– Ungdom treng substans. Noko ein kan halde fokus på lenge. Ungdomstida er fylt med kjensler og mange omskiftingar, mange unge kjenner på motstridande kjensler og tankar og mykje uvisse i ei fragmentert tid. Korona-einsemda har forsterka desse kjenslene hos mange. For mange er noko grunnleggjande å halde fast i viktigare enn nokon gong. Derfor ser vi også at diakonale tenester, som t.d. studentpresttenesta, blir svært viktig for mange. Kyrkja må ta dette inn over seg, og leggje til rette for ordningar der ungdom blir sett og høyrt, seier dei to i ungdomsrådet.

 

Fellesskap

– Både kyrkjelege fritidstilbod, samtaleordningar og andre lågterskel-tilbod er viktige for å møte ungdom der dei er. Noko av svaret på dette kan vere nettfellesskap og andre digitale tilbod, men dette svarar ikkje på alle behov ungdom har. Først og fremst er det dette å få vere saman, oppleve saman og få samtale i lag. Dette er utfordringar som ungdområdet vil arbeide med i eit langsiktig perspektiv. Akkurat no er mykje vanskeleg på grunn av korona-nedstenginga, seier dei to.

 

Exit etter konfirmanttida

For mange unge er konfirmanttida paradoksalt nok det siste farvel med kyrkja. Etter denne tida er kontakten liten, og mange er godt vaksne før kyrkja igjen blir ein relevant arena:

– Hos mange konfirmantar har tilkytinga til kyrkja også vore svak gjennom barndommen, og banda er derfor lette å bryte etter konfirmanttida. Har ein vore aktiv i kyrkja som barn er banda mykje sterkare, meiner dei to frå ungdomsrådet, som peikar på at kyrkja må intensivere arbeidet mellom studentar og unge vaksne. 

– Gudstenester blir for tungt og for formelt. Det skaper lite relasjon og ein føler på avstand. Kyrkja må derfor arbeide over ein mykje breiare front for å etablere dialog med unge vaksne. Her ligg det ei stor utfordring og store mogelegheiter.

 

Kyrkjedemokrati

Nyleg møtte dei to representantane for ungdområdet i møte i Møre bispedømeråd, for å bli kjent med kyrkjedemokratiet og knyte kontaktar. Stiftsdirektøren gjorde det klårt at ungdomsrådet er ein viktig del av ungdomsdemokratiet i kyrkja, og at bispedømerådet vil følgje opp dialogen og sikre at ungdom blir ein viktig element i planlegginga i bispedømet. I dette ligg også eit samarbeid med plattformen Kirkens Unge, som er eit prosjekt mellom dei kristne barne- og ungdomsorganisasjonane i bispedømet.

– Saker frå ungdomsrådet må vidare til bispedømerådet, slik at vi ikkje arbeider i eit vakuum, men at det skjer ei utveksling av idear, erfaring og avgjersler mellom rådsorgana, seier Rasmus Elias Myklebust og Mikael Heian Frølandshagen.

 

8. januar vart det nye ungdomsrådet i Møre bispedøme konstituert.
 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"