Samtalane er inspirert av dei fire guddommelege søstrene, som personifiserer verdiane miskunn, sanning, rettferd og fred. Verdiane var ein viktig del av Landslova av 1274.
Bakgrunn
Verdiseglas 2024 er ei pilegrimsferd i fleire etappar frå Sokndal/Egersund til Nidaros. Med bakgrunn i rettsjubilea i 2024 er unge på nøkkelstadane langs leia inviterte inn i verdisamtalar inspirert av Guds fire døtrer og omgrep som makt, likeverd og demokrati.
Under samtalane har ein skrive verdibrev med tilrådingar for framtida, som har vorte lagt i Kystpilegrimskista, som har følgt heile seglasen. I Trondheim skal verdikista overleverast til preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit og stortingspresidenten ved Gunnar Bovim. Dagen etter skal verdikista med breva frå ungdommane berast frå festivalfrokosten på Lian og ned til den offisielle opninga av Olavsfest søndag 28.juli.
Les meir: Verdiseglas 2024- Kyrkjekultur Vest
Opning av utstilling
Etter opninga av Olavsfest på Vestfrontplassen opnar biskop i Nidaros Herborg Finnset utstillinga av verdibreva og fotografia frå verdiseglasen i området ved sidan av Nidaros Pilegrimsgård . Ho opnar utstillinga saman med nokre av ungdommane som har segla med verdiseglasen. Opningstidspunktet er kl. 14.30.
Initiativ og samarbeid
Verdiseglasen er ein del av Nasjonaljubileet Noreg i 1000 år og er eit samarbeid mellom dei regionale kystpilegrimssentra, Den norske kyrkja og den historiske båtparken langs leia. Koordinator er Kyrkjekultur Vest AS.