Rundt 160 personer var møtt opp til grunnsteinsnedleggelsen under den allerede imponerende takkonstruksjonen til Tau kirke. Et svært etterlengtet bygg, som når det blir innviet 12. september starter et nytt kapitel for både menighet og bygd.
Den nye kirken på Tau blir på 1500 kvadratmeter, med 420 sitteplasser i kirkeerommet. I tillegg er det en kjeller på 500 kvadratmeter.
En innholdsrik grunnstein
– Det var veldig kjekt å få komme inn og se konturene av hvordan bygget blir. Det var veldig lyst og fint, og så synes jeg det er kjekt at det blir bygd i tre, sier Hildegunn Ravnås Lundbakk (42) til lokalavisa Strandbuen.
Elevar ved Strand vgs. hadde laget grunnsteinsskrinet. Inni ligger en bibel, en salmebok, tegninger av den nye kirken, menighetsbladet Preikestolen, tegninger fra elever på første til sjuende trinn på Tau skole, Nordre Strand oppvekstsenter og Tryggheim Strand, lokalavisa Strandbuen og programmet for grunnsteinsnedleggingen.
Se film-omvisning fra byggeplassen her.
Grunnfestet i det lokale og i en verdensvid kirke
– Dette er ein dag av glede og håp. Her står me alt under tak i den nye kyrkja. Grunnsteinen er symbolet på at folk her på Tau forstår meininga med å få eit Gudshus i sentrum, sa biskop Anne Lise Ådnøy i sin hilsen ved grunnsteinsnedleggingen.
– Grunnsteinen er fylt med teikningar av «bygda vår i 2020». Slik blir kyrkja grunnfest i det heilt lokale, i plassen sin. Teikningane ligg i skrinet i lag med ei norsk salmebok. Det viser at denne kyrkja er ein del av Den norske kyrkje, ei evangelisk, luthersk folkekyrkje. I skrinet finst og ein bibel. Der finst dei evige orda om at Gud skapar menneske og verda, at Gud elskar verda så høgt at Sonen, Jesus, frelsar oss, og at menneske får leva og døy med tru og håp. Bibelen knyter Tau kyrkje saman med ei verdsvid kyrkje av menneske frå alle nasjonar og folkeslag.
Et hjem i sentrum av bygda
– I gudstenesta bed me Gud gi oss ein heim i si kyrkje på jorda. Tau kyrkje kan med Guds hjelp bli ein heim i sentrum av bygda. Ein stad der dørene opnar seg og knyter saman livet i gudstenesta med livet i kvardagen. Huset kan i seg sjølv minna oss om at Gud er tilstades over alt og alltid med sin kjærleik.
– Jesus har sagt at Gud liknar ein mann som ville halde eit stort selskap. Tenarane hans blir sende ut på torg og gater for å henta inn folk, «så huset mitt blir fullt», seier mannen. Ein slik Gud er det me som kyrkje tener.
Jesus fortalde venene at han måtte døy. Då sa han: Eg går for å gjera plass til dykk. For i huset til Far min er det mange rom.
– Må Tau kyrkje bli det teiknet som fortel at hos Gud er det plass til alle. Då kan dette gudshuset bli ei velsigning for «bygda vår i 2020» og i åra som kjem.