Velg mellom to flotte pilegrimsturar i sommar

I sommar blir det arrangert ein pilegrimstur frå Stavanger til Røldal i juli og ein frå Egersund til Stavanger i august. Bli med på innhaldsrike vandringar, tidebøner og måltidsfellesskap!

Vandringa over Jæren frå Egersund til Stavanger går i fantastisk natur.

Turen til Røldal endar med det årlege Pilegrimsstemnet der, mens turen til Stavanger blir avslutta med den store pilegrimsdagen 16. august. 

Les om dei to turane under:

Pilegrimsreise frå Stavanger til Røldal 1. – 6. juli

Frå byen ved havet og øyane dreg me inn fjordane, gjennom grøderike dalar og over høgfjellet til pilegrimsmålet. På reisa er me innom seks kyrkjer før me kjem fram til stavkyrkja i Røldal. Under vegs blir det korte samlingar – og tid til stillheit. 
Sokneprest i Sauda, Espen Gya, og sjømannsprest Anne Netland vil vera med som pilegrimsprestar. Reidunn Ferstad frå Trodla-Tysdal er óg med som leiar.
Fast tema for desse vandringane er «helse, helhet og hellighet», og i år vil me setja dette i samanheng med naturen og Guds forhold til alt det skapte. 

røldal kirke inne
Røldal kyrkje

Røldal var, etter Nidaros, det mest kjende pilegrimsmålet i Norge i middelalderen. I hundrevis av år søkte pilegrimar frå fjern og nær det undergjerande krusifikset.

Bli med på ein innhaldsrik tur med buss, båt og vandringar. Det blir gudstenester, tidebøner, meditasjoner, samtaler og gode måltidsfellesskap. Turen endar i Røldal der me er med på Pilegrimsstevne som startar fredag med eit historisk spel om pilegrimar.
Lørdag er me med på mellom anna pilegrimsseminar, krossvandring og midnattsmesse.

Her på Utstein Pilegrimsgard sin nettstad kan du melde deg på turen.

Klikk på bildet under for å lese meir om turen, sjå program og prisar.

røldal forside

Gå Kystpilegrimsleia over Jæren 12. - 16. august

Me startar frå Egersund kirke tysdag morgon og endar opp i Stavanger laurdag ettermiddag.
Me planlegg tre overnattingar på leirstaden Ognatun. Der får du oppreidd seng, frokost, matpakke og middag. Siste kvelden og siste overnatting blir på Sola Strand Hotell før me vandrar mot pilegrimsmålet vårt, Stavanger domkirke.

pilegrimssitteunderlag

I samband med at Stavanger feirer 900 år i 2025, vil det lørdag 16. august bli arrangert ei stor pilegrimsmesse klokka 17.00. Me deltek på denne som avslutning på vandringa vår.
Du blir frakta fram og tilbake til Ognatun og bagasjen blir også kjørt slik at du berre treng ein dagstursekk til sjølve vandringane.
Gode, inngåtte tursko og mange mil i beina er svært viktig. God oppkjøring med lange og korte gåturar vil gjera opplevinga di mykje betre og stega dine lettare.
Dagsetappane er i gjennomsnitt 20 kilometer.

Langs pilegrimsleia over Jæren ligg fleire middelalderkyrkjer, Ogna kyrkje, Orre gamle kyrkje og Sola ruinkirke, i tillegg til 400 år gamle Egersund kirke, Varhaug gamle kyrkjegard og pilegrimsmålet Stavanger domkirke.
Me ferdast langs kysten og går på sand og stiar, gras, grus og litt asfalt, og passerer blant anna Friluftsfyret Kvassheim, Obrestad fyr, Hå gamle prestegard og Friluftshuset på Orre. I løpet av dagen har me tidebønner. Om kvelden er det samling med blant anna oppsummering av dagen.

Vandringsleiarar er Ola Undheim og Greta Bore Haarr, pilegrimsprest er tidlegare sokneprest Andreas Haarr.
Du er velkommen til å vandra saman med oss på denne fantastiske kyststrekninga!

Les meir om turen og meld deg på her på Utstein Pilegrimsgard sin nettstad.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"