Det var ein stor dag i Time kyrkje då diakonen i Time sokn og Undheim sokn blei vigsla.
– Gratulerer med dagen! Gratulerer med at du kom i mål med master i diakoni! Gratulerer med vegen du har gått og målet du har nådd, sa biskopen i si helsing til Praxedes Slettebø.
– Du vaks opp i Quezon City, nær Manilla. Maria-namnet fekk du for å gje eit signal om at familien din høyrer til i kyrkja. Saman med Lars har du ein stor og flott familie. Då eg møtte deg, hekla du i tynt, kvitt garn brudekjole til Berly. Du er i stand til å gjennomføra store prosjekt, nøye og med stort tolmod.
Det fornamnet du bruker nå, Praxedes, tyder «Guds gjerning». Det Gud gjer og kan gjera gjennom ditt liv står sentralt når du fortel frå ei mangfaldig livs- og yrkeserfaring og krevjande dagar.
Gjennom alle oppgåver og jobbar du har hatt har du spurt om Guds råd og vegleiing. Livserfaring og det at du er fagleg trygg kan hjelpa deg i dei situasjonane som blir vanskelege. Aller viktigast er det at du fortset å gje deg sjølv og andre over til Guds kjærleik.