Viktig feiring av tusen år på Moster

Tusen år etter innføringa av kristenretten vart det på Moster markert kor viktig dette var som grunnlag for dagens samfunn. Ei flott og viktig jubileumsfeiring nådde sitt høgdepunkt 1. og 2. juni.

Kronprins Haakon framheva i sin tale på tusenårsjubileet for kristenretten at med trua kom tanken om ein fellesskap der vi har plikt til å ta vare på kvarandre som likeverdige menneske. Foto: Gjermund Øystese, Norges kristne råd.

Med på å løfta arven frå Mostratinget var alt frå kronprinsparet, statsministeren, stortingspresidenten og sametingspresidenten, til unge tingmedlemer, geistlege frå inn- og utland, forskarar og folk flest.

Nytt tankesett

Kronprinsen talar i Moster amfi

Det er vanskeleg å forstå kor stor endring som faktisk kom med kristendomen, sa kronprinsen i sin tale.

Kronprins Haakon talte til eit fullsett Moster amfi på markeringa 1. juni. Han peika i sin tale på at kristendomen kom med ei enorm endring i verdsbiletet, samfunnsstrukturar og tankesett, så stort at det er vanskeleg å forstå.

– I norrøn tid levde vi i eit ættesamfunn der enkeltmennesket hadde liten verdi. Makt, posisjon og styrke gav rettar. Slekta ein høyrde til, utløyste den enkelte sine plikter og privilegium. Inn i dette ættesamfunnet kom det så gradvis noko revolusjonerande nytt: Ein bodskap om at det fanst ein Gud. Og at vi alle var skapt i hans bilde. Det gjorde oss til del av den same fellesskapen. Ein fellesskap der vi har plikt til å ta vare på kvarandre som likeverdige menneske, sa kronprinsen.

Frå kristenrett til grunnlov

Statsminister Jonas Gahr Støre talar. Foto: Gjermund Øystese, Norges kristne råd

Statsminister Jonas Gahr Støre. Foto: Gjermund Øystese, Norges kristne råd

Statsministeren drog den lange linja mellom verdiane som kom med innføringa av kristenretten i 1024 og vår eiga tid. – Korleis vi handlar, kva vi vel å gjera, kva vi seier; alt dette byggjer på kva verdiar vi har med oss, kva som bind oss saman.  Det som hende på Moster i 1024 var starten på eit tusenår med steg for steg i Noregs kristen-humanistiske utvikling. Grunnlova er i første omgang påverka av tankar frå opplysningstida og den franske revolusjonen, men likevel, la oss gå med gjennom historia til kristenrett og Moster og ikkje minst slå fast at makt ikkje automatisk gjev rett. Det er eit teikn på at ein skjønar at samfunnet ikkje er ein jungel der den sterkaste alltid har og får rett, sa statsminister Jonas Gahr Støre i sin tale.

Statsministeren viste til at det i § 98 i grunnlova heiter at «alle er like for lova». – Alle er like, lova gjeld for alle og ingen står over. Det går ei linje tilbake til kristenretten som ikkje er skriven ned, men som er fortalt, sa Støre som nytta høve til å løfta fram samanhengen mellom grunnlova i 1814, Magnus Lagabøte si landslov i 1274 og kristenretten i 1024. – Der er for mykje vi har mista kontakten med her, vi må dra dei linjene på nytt, sa statsministeren som meiner at fortida har lært oss at vi kan påverka historia, i alle fall litt, eller kanskje ein god del. – Vi treng ikkje vera Olav den heilage for å gjera det, det er jo ei trøyst, sa Støre.

Jubileumsmarkeringa vart avslutta med at den opphavelege Mostraspelet vart framført i ei ny omarbeidd utgåve av skodespelarar, songarar og KORK- kringkastingsorkesteret. 

På heilag grunn

Biskopen preikar på gudstenesta. Fullsette benkar i framgrunnen, kor i bakgrunnen.

Biskop Ragnhild Jepsen preika på den store festgudstenesta som også vart overført på NRK TV.

Sundag var det ei storslagen gudsteneste leia av biskopen i Bjørgvin, Ragnhild Jepsen. Lokale kor og korps sette sitt musikalske preg på festgudstenesta som vart vist direkte på NRK TV.

Biskopen heldt preika over forteljinga om den miskunnsame samaritanen og tok utgangspunkt i at ein var samla på heilag grunn.

– På denne staden kom Kristuskjærleiken til oss gjennom ord og vilje, ikkje med våpen eller ufred. Kristi kjærleik fekk grobotn mellom oss fordi menneske i alle lag av samfunnet vart gjort myndige til å vise kvarandre miskunn, sanning, rettferd og fred. Slik skal vi ikkje tenke lite om ordningane vårt samfunn er tufta på. Men vi skal halde dei fram, og kjempe for at dei også vil vere mellom oss i ei framtid som vi ikkje kjenner, men som vi tek ansvar for, og som vi legg i Guds hender, sa biskopen i preika si.

Talane til H.K.H. Kronprins Haakon og statsminister Jonas Gahr Støre og preika til biskop Ragnhild Jepsen finn du i lenker nedst på nettsida.

Der finn du også lenke til opptak av gudstenesta (NRK TV)

Les også: 

Erkebiskopen av York: Treng eit nytt hjarte

Kronprinsparet og stortingspresidenten møtte verdiseglasen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"