Kronprinsparet og stortingspresidenten møtte verdiseglasen

I samband med tusenårsjubileet for Kristenretten på Moster gjekk Kronprinsparet om bord i Caroline af Sandnes for å snakka med ungdommane som deltek i Verdiseglas 2024 og Ungdommens Mostrating. Då ungdomane kom på land, venta blant andre stortingspresidenten.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette Marit vitja verdiseglasen under kristenretten-jubileet på Moster, 1. juni. Foto: Halvard Bøe.

Første helga i juni vart kristenretten sitt 1000-årsjubileum markert på øya Moster i Bjørgvin bispedøme.  

På skipet Caroline af Sandnes var det 11 unge som hadde segla frå Stavanger via Utstein og Avaldsnes til Moster på verdiseglas. Dette er ei pilegrimsferd med unge mellom 15–30 år som deltek i verdisamtalar for å gi råd og oppmodingar til politikarane. Dessutan 14 representantar frå 7 ulike ungdomsråd samla på Moster for å forma framtida.

Saman hadde alle ungdommane førebudd seg på å snakka om dei viktigaste sakene i vår tid – kva som står på spel for vår felles framtid.

Dei hadde samtalt om kva «dei fire guddommelege søstrene»; miskunn, sanning, rettferd og fred kan ha å seia om korleis samfunn og menneske i vår tid på best mogleg måte kan ta vare på klima og naturmangfald.

Kongeleg besøk på verdiseglasen

Laurdag 1. juni kom Kronprinsparet om bord i skipet og snakka med ungdommane. 

Kronprinsparet kom lett i snakk med ungdommen, fekk høyra forteljingar om samhald og fekk omvisning på båten. Dei fekk sjå den levande Olavsflammen frå Stiklestad som er med på seglasen, og dei fekk opna skipskista og høyra frå nokre av verdibreva til samfunnsleiarar.

Ungdommane snakka med kronprinsparet om utviding av demokratiet, om psykisk helse og om å få bukt med sosiale forskjellar og rasisme.

Kronprinsessa spurde særleg om korleis dei unge ser på religion, tru og livssyn rolla si når dei skal forma framtida. Dei unge representantane svarte med å peika på motivasjon til framtidshåp og handling som dei finn i dei ulike bakgrunnane sine frå religiøse og humanistiske tradisjonar.

Stortingspresidenten: – Meir reflekterte enn eg var

Stortingspresidenten i gruppebilde saman med unge

Med pilegrimspresten sin stav i handa, stilte stortingspresident Masud Gharahkhani opp framfor Moster gamle kyrkje saman med dei unge frå Verdiseglas og Mostratinget for unge

Stortingspresident Masud Gharahkhani tok imot ungdomane frå Verdiseglasen og møtte også representantane frå ungdomsråda på Mostratinget for unge. Han er leiar for Nasjonal komité for Nasjonaljubileet 2030. Kristenrettsjubileet og Landslovsjubileet er viktige delar av dei årlege markeringane fram mot tusenårsjubileet på Stiklestad i 2030.

– Kva synest du om verdiseglasen?

– Veldig bra. Eg hadde ein liten samtale med ungdomane. Du merkar at dei er veldig reflekterte. Eg sa til dei: – Kva verdiar er de enige om?  Dei sa bl.a. likeverd, det å vera ærlege, og sanning. Det er jo det vi snakkar om i historien vi har frå kristenretten, via Lagabøte til grunnlova og dei diskusjonane vi har i notid, seier stortingspresidenten.

– Eg pleier seia når eg får spørsmål om korleis eg ser for meg framtida med dagens unge, med debattar om russetida og sånn, at eg opplever at dei er meir reflekterte enn det eg sjølv var då eg gjekk på vidaregåande skule. Eg opplever at dei er opptekne av å ta vare på kvarandre, sa Gharahkhani.

Tekst: Einar Vegge og Jens Meyer

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"