– Eg er imponert over livet her på øyene

– Ta vare på dei gode fruktene og ta vare på kvarandre! Slik kan begeistring for Jesus og engasjement for samfunnet sjå ut, sa biskop Anne Lise Ådnøy etter ei veke i Hesby, Sjernarøy og Talgje.

Biskopen fekk gode spørsmål frå fjerde klasse på Finnøy skule.

– Dette har vore gode dagar! sa biskopen etter visitasen på Finnøy sist veke. – Eg tek med meg ei glede over så mykje bra som skjer her, og som biskop som kjem på besøk er eg imponert over livet her på øyene. De har velfungerande kyrkjelydar som når breitt ut, gjennom små og store fellesskap, prega av vennlegheit og glede.

Glede og takksemd

Visitasen var fylt av mange besøk i kyrkjehus og nærmiljø, opplevingar, treff med trufaste medarbeidarar og små og store kyrkjefolk.

– Eg kjenner på glede og takksemd for alle dei flotte medarbeidarane me har fått treffa. Tittelen biskop kjem frå eit gresk ord: episkopos. Det betyr «ein som ser på noko». Når eg er på visitas, kjem eg for å sjå kyrkjelydane, ha tilsyn. Eg har sett mykje som er fint og viktig her!

Paulus skriv til kyrkjelyden i Korint; «Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap ... og mykje meir. Det er lett å sjå frukter av Anden her i dei flotte fellesskapa i Sjernarøy, Hesby og Talgje sokn.

Ta vare på dei gode fruktene og ta vare på kvarandre! Slik kan begeistring for Jesus og engasjement for samfunnet sjå ut. Guds signing over dei vidare ferjereisene i kjærleik! avslutta biskopen visitasforedraget sitt. 

Her kan du lesa heile visitasforedraget.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"