– De har synt meg meir himmel på jord

– Dagane i Tysvær og Bokn har synt at "Meir himmel på jorda" kan vera jordnært verkeleg. Ei røynd der himmelvende folk stikk fingeren i jorda og spør: Korleis kan me vera ei varm og open kyrkje for alle? sa biskop Anne Lise Ådnøy etter visitasen førre veke.

Medlemmar frå sokneråd og fellesråd i Bokn sokn og Tysvær sokn klar for kveldsbøn i Tysvær kyrkje.

– Eg vil takka for innblikket og inspirasjonen eg har fått i desse to sokna – midt i hjartet av Haugalandet. Takk for korleis de har tatt imot meg, korleis de har delt tankar og kjensler, og opna opp for samtalar kring kyrkja si framtid her i bygdene. De har synt meir himmel på jord både i engasjement, bøn, song og samtalar, sa biskopen i visitasforedraget ho held på kyrkjekaffien i Soknehuset. Der nemnde ho og fleire eksempler på korleis kyrkja si visjon blir verkeleg i sokna:

«Himmel på jord – det er når ti eldre på Sjukestova finn gleda i å synga Namnet Jesus i lag. Det er når soknerådsmedlemmar fortel om å høyra til i kyrkja og ivrar for at fleire finn same gleda.

Meir himmel i Tysvær er når frivillige på Supertorsdag auser nydeleg suppe i tallerkane til takknemlege små og store, og det er når ungane syner dei vaksne bevegelsane til lovsongane på samlinga.

Meir himmel på Bokn skjer for eksempel når borna syng «En himmel full av stjerner» på gudstenesta, og me deler nattverdsfellesskapet etterpå.»

Gode møter med folk og sokn

Visitasen i Bokn sokn og Tysvær sokn inneheld mange gode møter med både folk, sokn og samfunn.

Tirsdag var satt av til samtalar med tilsette og rådsmedlemmer. Onsdag var det Bokn-dag, med besøk på Sjukestova, hos ordføraren og kommuneleiing, bonde Emilie Moi Eikje, middag hos kyrkjeverja, flott gudsteneste og ein kjekk frivilligfest, som til og med romma ei boklansering: 1000 år på Kyrkjehaugen, Birger Lindangers forteljing om kyrkja på Bokn si historie.

Torsdag var Tysvær-dag, med spennande besøk hos Haugaland Næringspark, godt møte med kommuneleiinga, besøk på Tysværvåg barne- og ungdomsskule og Supertorsdag. Om kvelden var ulike lag og organisasjonar samla om temaet «Kyrkja og bygda».

Laurdag kveld vitja biskopen ungdomssklubben på Soknehuset, der rundt 80 unge frå Tysvær og Bokn samlast. Søndag var det flott visitasgudsteneste i Tysvær kyrkje. 

 Her og nedst på sida kan du lesa heile visitasforedraget frå biskopen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"