Eit godt møte med dei fire sokna i Suldal

– Eitt ord samlar alt eg vil seia etter denne veka: Takk! Sokna i Suldal har vist seg frå si beste side. Me som har vore på besøk har sett at bygdene her er gode plassar å bu, sa biskop Anne Lise Ådnøy etter ei veke i Suldal.

Sokneråda i Jelsa og Erfjord samla mellom to møter med biskopen.

Ein bispevisitas handlar mellom anna å bli kjent og læra. Biskopen med følgje har hatt gode møte med stab, sokneråd og fellesråd i Suldal.

– Me har treft dei som tek vare på viktige oppgåver i små stillingar, møtt glade born på onsdagsklubben i Erfjord og besøkt Norsk Stein. Me var ilag med kjekke konfirmantar, og med 8. klassingar på skulen på Sand, og me såg gode andlet med mykje livserfaring på Vinjarheim. Me har hatt bønevandring frå skulen til kyrkjegarden på toppen av Sand og møtt kommunedirektør og ordførar, sa biskopen i visitasforedraget sitt, som er ei oppsummering etter besøket i dei fire sokna. 

Endeleg vegsikring

– Me har sett utover Sandsfjorden i gangfart og sol, stått ved kyrkja på Jelsa og sett utover, køyrt oppover langs elva til Suldalsosen i magisk vinterlandskap og sett kor fint folk bur rundt fjorden i Erfjord. Visst byr avstandar og vegar på utfordringar og spenning, men fjella, fjorden og buplassane dykkar er ein god bakgrunn for å forkynna skapartru, takk og lovprising – og ei flott ramme for livsglede og fellesskap. 

– Tenk at me skulle komme her same veka som meldinga kom om at politikarane også har skjøna at her trengst det sikring av ferdselsårene så snart som mogleg. Å vera trygge på vegen er eit grunnleggjande behov. Det har vore synleg i både kyrkjebøna og pressa. Endeleg er det høyrt. Vegane er viktige lokalt, men det er – for å bruka ei bibelsk formulering – ei glede for heile folket at ein kjem godt i gang med arbeidet med å sikra vegane.

Mange blir døypte

Søndag var det visitasgudsteneste i Suldal kyrkje, med kyrkjekaffi etterpå. 

– I dag er det ikkje dåp i gudstenesta. Men i Suldal har eg lært at svært mange vel å bera sine små til Gud i dåpen. Det som skjer der kan me aldri heilt forklara med ord. Det er større enn orda. Me går inn i den heilage handlinga, dette mysteriet, frå mange sider. Eit av bileta me bruker er at me i dåpen blir fødde på nytt til evig liv. Den gleda Jesus inviterer til, er Gud si glede over å ha fått eit barn til! sa mellom anna biskopen i preika. 

Her kan du lese heile preika. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"