– Så heldige me har vore som har fått vera i Vindafjord denne veka! Folk har vore gilde å vera i lag med, og landskapet har vore ei strålande ramme om mange gode møtepunkt og arrangement, oppsummerte biskop Anne Lise Ådnøy i visitasforedraget søndag.
Då hadde ho hatt samtaler med sokneråd, fellesråd, tilsette og kommuneleiing. Vert på konsertar og bønesamlingar, feira gudsteneste i både Vikedal og Ølen, vandra på vegar i Imsland, vitja Nortura og Omega, møtt frivillige medarbeiderar og hatt møte med skule og barnehager. Blant anna.
Engasjerte og dyktige medarbeidarar
– Kyrkja på kvar stad og den lokale tilknytinga til kvar bygd er eit perlekjede i Vindafjord, men de treng også trådane som bind dykk saman, sa biskopen, og trakk fram møtet med alle tilsette som eit eksempel. – Me møtte engasjerte og dyktige medarbeidarar med glede over å vera saman.
– Det finst sterke tradisjonar for å sjå lenger enn eiga nase her i bygdene. Me har møtt fleire med erfaring med misjon og internasjonalt arbeid. Kyrkjelydane har gode misjonsprosjekt og gjev mykje av det som blir samla inn av midlar vidare. Nå står me framfor ei tid der å vera gjestfri, raus og handlekraftig på ny blir ekstra viktig. Me høyrer kommunen har starta planlegginga av korleis fleire flyktningar kan koma. Frivillige lag og organisasjonar spelar ei viktig rolle i å gje nye som kjem folk og aktivitetar å knyta seg til, sa biskopen.