500 år etter Luther: Endelig venner igjen?

Katolsk forum i Stavanger og Stavanger bispedøme inviterer saman til ein økumenisk samtale om reformasjonen og dens konsekvensar. Det skjer søndag 19. nov. kl 19.00-21.00 i St. Svithun katolske kirkes menighetssal.

- Eit veksande økumenisk medvit viser at reformasjonen ikkje bare gir gode assosiasjonar. Det er dessutan ikkje noe som Den lutherske kyrkja har einerett på. Ei markering må derfor vera open for kompleksiteten med både Luther og reformasjonen/ reformasjonane, heiter det i omtalen av det økumeniske arrangementet.

Samtala skal søke å få fram:

- Eit teologisk perspektiv: kva var det som skilde? Og gjeld det i dag?

- Eit økumenisk perspektiv: markering må skje saman med kristne frå andre tradisjonar, og vi må læra av kvarandres ulike perspektiv på historia.

- Eit etisk/ sosialetisk perspektiv: Den økumeniske samtalen kjem ikkje utanom dei spørsmål om menneskeverd, urettferdig fordeling av verdas ressursar og vern om skaparverket.

Eit global perspektiv: Reformasjonen var historisk eit europeisk fenomen. Men i dag er kyrkja global – og kva inneber det – for luthersk identitet  og for økumenisk identitet?

Like viktig som eit historisk perspektiv, er det å sjå relasjonen mellom katolsk og luthersk tru og kyrkje i dag, m.a. i lys av dokument, som f. eks.  From Conflict to Communion, og Felleserklæringen om rettferdigjørelseslæren, men også i samanheng med det korte dokumentet som blei skrive og signert av Pave Frans, president i Det lutherske verdensforbund biskop Munib Younan, samt biskop Helga Byfyglien (Den norske kyrkja), i Uppsala i oktober i fjor.

Program:

  • Innleiing Kjetil Aano, prost og leiar av Stavanger bispedømes reformasjonskomite.
  • Innlegg ved Sr. Anne Bente Hadland - priorinne ved Katarinahjemmet, Den katolske kyrkja og gen. sekr. Berit Hagen Agøy -  Mellomkyrkjeleg Råd, Den norske kyrkja.  
  • Panelsamtale med sr. Anne Bente Hadland, gen.sekr. Berit Hagen Agøy, professor Knu Alfsvåg fra VID vitenskaplige høyskole/Misjonshøgskolen (Den norske kyrkja) ), sogneprest i St. Svithun katolske menighet p. Phu Thanh Nguyen. Panelsamtalen vert leia av prost Kjetil Aano (Den norske kyrkja).
  • Open samtale med publikum.

Inngang:
kr. 100,- (ordinær) / kr. 50,- (stud./honnør).

Kontaktinformasjon for Stavanger bispedømme

Stavanger bispedømme

Lagårdsveien 44

4010 Stavanger

Telefonnummer: 51 84 62 70

Epost: stavanger.bdr@kirken.no

Åpningstider: 08.30-15.00