Ein dag i takksemd

Våren er ei flott tid. Naturen rundt oss vaknar til live. Trea og marka grønkast. Det er lett å ta alt dette for gitt. I ein hektisk kvardag i vårmånadane tar den eine dagen lett den andre, og utan at vi merkar det, står bjørka der grøn og fin.

Ellen Nordtun er sokneprest i Hillevåg menighet.

Fredag 8. mai

Jes 40, 26-31

Eg er så heldig at eg har ein eplegard i Strandebarm som treng stell, og eg kjem derfor tett på mysteriet som skjer i naturen. I fjor haust stod eg med epletreet og såg at safta trekte seg ut av blada, og dei vart livlause. No i mai står dei same trea med kraftfulle og klare blomeknoppar lengtande etter sol og varme, og klare til å utvikle seg til eit vakkert fruktbart kunstverk.

Denne nærleiken til naturen, gjer at eg kjenner på ei stor takksemd for skaparverket Gud har satt oss til å forvalta. Takksemda gjer meg merksam på Guds nærvær i livet mitt og minner meg om kven som er opphavet til alt.

Dagens bibeltekst får oss til å løfta blikket og vi kan tenkja på det fantastiske skaparverket vi er ein del av:

«Lyft auga mot det høge og sjå:
Kven har skapt alt dette?
Han som tel stjernehæren,
fører dei ut og kallar dei alle ved namn.
Hans kraft er så stor og hans styrke så veldig
at ikkje éin skal mangla.» (Jes 40, 26)

I dag er det god grunn til å takke for freden i 1945. På denne dagen for 75 år sidan feira det norske folket at krigen var slutt. Fem år med okkupasjon var over. Landet var igjen fritt. Og folk var uendeleg takknemlege for dette. For mange var dagen eit svar på endelause bøner om fridom. Som i 1945 vil også kyrkjeklokkene i dag ringa for å markera freden.

For Noreg har desse 75 åra vore prega av at vi har fått det betre, t.d. folketrygd, ein god skule og eit godt helsevesen. Vi som bur i Norge har difor mykje å takke for. Velstand, fridom, demokrati, vakker natur – og mykje anna vi er blitt velsigna med. Fokuset vårt bør vera å vera takknemlege for det vi har, i staden for å fokusere på det vi ikkje har.

Ordet takk er kort, men har lang verknad.

Av Ellen Nordtun, sokneprest i Hillevåg menighet

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"