Gud kan finne deg

Tommy var ein av desse konfirmantane eg ikkje trudde var konfirmant. Han var høgare enn meg. Breiskuldra. Sterk. Langt kullsvart hår. Han var kullets ateist.

Leif Wikøren Nilsen er sokneprest i Bjerkreim sokn.

Kristi Himmelfartsdag 21. mai

Mark 16,19-20

 Protesterte på alt eg sa. På veg ut siste time spurte han hånleg:
- Trur du eg nokon gong finn Gud?
- Nei, datt det ut av meg. Han stoppa.
- Eg trur ikkje du klarer å finna Han. Men Gud kan finna deg.

Han snøfta. Og gjekk.

Mange år seinare oppsøkte Tommy meg igjen. Han stod i døra; lut, tynn og utan hår. Men eg kjente han igjen. Glødande. Stemmen.
- Hei?
- Eg er sjuk. Kreft. Har berre nokre veker igjen. Men du? Det var noko du sa siste konfirmasjonstimen.
- Å! Oppløfta hjarte! Huska han?!
- Eg spurte deg om eg nokon gong kom til å finna Gud, og du sa ‘nei’. Det svaret overraska meg. Men så sa du: ‘Han vil finna deg.’ Det har eg tenkt mykje på. Då kreften kom, begynte eg å leita etter Gud. Men, nei, eg fant han ikkje. Til slutt ga eg opp.

Tommy spakna. Uttrykket endra seg. Og så kom det:

- Eg begynte å tenkja på andre ting. På menneska eg tykkjer om. Eg fekk behov å seia at eg er glad i dei. Eg begynte med mor. ‘Kva er det du vil?’ spurte ho. ‘Eg .. er .. glad i deg..’ stotra eg. Det vart litt stille. Men så gråt ho. Og gav meg ein klem. Og me snakka. Lenge.

Det var godt å vera sånn nær mor. Å sjå tårene. Og å kjenna klemmen. Og å høyre henne seia at ho var glad i meg óg. Det var ganske merkeleg. Plutseleg så hadde livet snudd seg heilt rundt. Og NÅ såg eg: Gud kom ikkje når eg strevde og krevde. Men Jesus hadde plutseleg funne meg likevel. Som du sa!

Eg var mållaus. Der hadde Tommy opplevd noko som er mye viktigare enn me ofte er klar over: Gud er ikkje ein gjenstand me kan krevja når det måtte passe oss. Men Han ER der. Og Han kan finna deg!

Og… er det ikkje nettopp dette som er mogleg på grunn av himmelfarten? Frå og med den dagen blir Jesus forkynt over alt. Og på merkeleg vis - og til si eiga tid - stadfestar Herren seg sjølv.

Av Leif Wikøren Nilsen, sokneprest i Bjerkreim sokn

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"