Han går føre!

Det er vår i lufta og dagane vert lysare og lysare. Hevdelukta riv i nasen nokre dagar og markene blir grønare og grønare. Til og med bjørka begynner å få eit grønleg skjær allereie.

May Brit M. Arnø er sokneprest på Undheim.

Onsdag 29. april

Salme 23, 1-6

Eit av dei sikraste vårteikna er når dei små lamma kjem ut. Dei er så ivrige, hoppar og spring rundt, eller berre ligg der i graset og slappar av i solsteiken. Eg trur dei kan kjenna seg igjen i orda frå Salme 23 : «Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko». Dei er så tilfreds der dei ligg i grøne enger.

Me er ikkje så vant til å sjå hyrdingen, eller gjetaren som me og kallar han, i våre dagar. Sist eg såg ein var i Aserbajdsjan hausten 1999. På ei rundreise på landsbygda dukka gjetaren opp i lag med flokken sin langs vegen. Salme 23 og Jesus som den gode gjetaren fekk ei ny betydning for meg då. For gjetaren går i lag med flokken sin. Han går føre dei for å visa vegen. Samtidig har han alltid eit auga bakover for å sjå at alle kjem med og at alle har det bra. Gjetaren beskyttar sauene mot fare, han lét dei liggje i grøne enger og fører dei til vatn der dei finn kvile. På same måten vil Gud og leie oss.

Gud går føre oss som den gode gjetaren. Han veit korleis me har det og kva me treng. Han veit kva du går og tenkjer på denne våren. Han veit kva «grøne enger» du treng for å henta nye krefter og nytt mot til denne dagen. Han leier deg til kvilens vatn der han tilbyr deg å være i lag med Han. For å kvile litt og berre være.

«Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg». Til og med inn i døden går Gud føre oss og i lag med oss, ja heilt inn i himmelen.

Av May Brit M. Arnø, sokneprest på Undheim

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"