Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Rikhaldig program på den 28. orgelfestivalen

Norsk orgelfestival inviterer både eit nasjonalt og internasjonalt publikum til Stavanger og Sandnes 13.-16. september. Ein fagdag for kyrkjemusikarar innleier festivalen og Nordens uomstridde orgelmeister, Hans-Ola Ericsson, avslutter den i Stavanger konserthus.

Norsk orgelfestival har fleire konsertar dagleg, samt ein innleiande fagdag for kyrkjemusikarar og andre interesserte, i samarbeid med Stavanger bispedømeråd på opningsdagen.

Her kan du se programmet for resten av festivalen.

Under opningskonserten torsdag kveld vil Hans-Ola Ericsson gjere sin tydelege entre, og han vil også halde avslutningskonserten i Stavanger konserthus.Hans-Ola Ericsson er ein av verdas mest ettertrakta organistar, med ei spesiell interesse for ny musikk. Han har blant anna arbeida tett på komponister som John Cage, György Ligeti og Olivier Messiaen.

- Ericsson gjesta sist Norsk orgelfestival då den heldt til på Karmøy, og me gler oss til å visa han våre nye heimbyar! Hans Eksellense Ambassadør Axel Wernhoff, den svenske ambassadøren til Oslo, vil opne den 28. Norsk orgelfestival under opningskonserten, fortel festivalen på sine heimesider.

Konsertar, meisterklasser, klokkespel, Pilegrim i orgelsko, seminarer og foredrag, messer, ope orgelgalleri og Dei unges konsert med eit regionalt ungdomskor er blant høgdepunkta i eit rikhaldig program. Kunstnerisk leiar for festivalen er kantor i Avaldsnes, Arnfinn Tobiassen.

På heimesidene til Norsk orgelfestival finn du informasjon om festivalen, om kjøp av billettar og programmet for dagane 13.-18. september.

Kontaktinformasjon for Stavanger bispedømme

Stavanger bispedømme

Lagårdsveien 44

4010 Stavanger

Telefonnummer: 51 84 62 70

Epost: stavanger.bdr@kirken.no

Åpningstider: 08.30-15.00