– I tillegg til dette vert biskopen med på grunnsteinsnedlegging for Klepp nye kyrkje søndag 6. april klokka 16, fortel prost Lars Sigurd Tjelle, som gler seg til festhelga med fylgjande program:
Mangfaldskonsert Nærbø kyrkje fredag 4. april kl. 18:00
Hilde Svela, Bankers frå Bryne, Jarle Obrestad, Hå Dur & Moll, Jæren Kammerkor, Med fleire. Gratis inngang. Sjå Facebookarrangementet her.
Kyrkjesafari Lørdag 5. april 10.00 - ca 17.00
Avreise og endemål: Bryne kyrkje. Lisabet Risa er Guide. Det vert servert grøt på Ålgård.
Pris: kr 400,- . Påmelding: https://algard.kirken.no/Kyrkjesafari eller på tlf: 47259486 (frist 30. mars)
Fellesgudsteneste Sundag 6. april kl. 18:00
Biskop Anne Lise Aadnøy, Sokneprest Stein Ødegård, Prost Lars Sigurd Tjelle
Musikalske innslag frå Bjor Bohne, gitar, Per Olav Egeland, orgel, Jærklang