Haugejubileet: Frukostseminar om verdiskaping og leiarskap

Praktisk informasjon

Fra:16.9.2021 - kl.08.00

Til:16.9.2021 - kl.11.30

Sted:Stavangeren Kultur og revyscene

Arrangør:Stavanger bispedømmeråd, LO Favør og Ryfylke Livsgnist

I år er det 250 år sidan predikanten, samfunnsbyggjaren og gründeren Hans Nielsen Hauge
blei fødd. Mange meiner Hauge var skaparen av det moderne Norge, den første nasjonale
grasrotleiar og viktigaste kristenhøvding nokon gong. Hauge var tydeleg: alle skal nytta dei
evner ein har, arbeidslivet er for alle og verdiskapinga skal pløyast tilbake til beste for
samfunnet.
Inspirert av Hauge sitt virke, set me søkjelys på verdibasert og tenande leiarskap, tillit og
forvaltaransvar. Me har samla ein flokk spennande personar, og saman skal me diskutera kva
Hauge har hatt å seia for korleis me tenkjer om verdiskaping og leiarskap i dag.


Velkomen til Stavangeren, der me startar med ein enkel og oppfriskande frukost kl. 08.00.
Frå klokka 08.45 møter me:
Kjell Magne Bondevik, leiar av den nasjonale Hauge-komiteen/tidlegare statsminister:
- «Tenande leiarskap. Min leiarfilosofi sett i lys av Hans Nielsen Hauge.»
Harald Stanghelle, forfattar, medieaktør og samfunnsdebattant:
- «Leiarskap og tillit – kva har Hauge betydd for vårt samfunn i dag?»
Jan Christian Vestre, gründer og årets vekstskapar i Norge:
- «Hauges verdiar – til inspirasjon for det grøne skifte.»


Bondevik og Vestre dannar dialogpanel saman med biskop Anne Lise Ådnøy i Stavanger og
Regionleiar i LO Rogaland, Eirin Sund. Overordna spørsmål er: «Leiarskap, verdiskaping og
forvaltaransvar – kva spor ser me og ønskjer me å sjå etter Hans Nielsen Hauge?»
Harald Stanghelle leier diskusjonen, der me går konkret til verks.
Velkomen til ein meiningsfull og målretta morgon og føremiddag.


Pris: 500 kr inkl frukost. 300 kr for medlemer av LO.
Påmeldinga startar 2. august kl. 12.00www.ryfylkelivsgnist.no

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.