Ølen og Bjoa sokn har mange frivillige medarbeidarar og satsar særleg på arbeid med kyrkjeleg undervisning og læring, samt inkluderande kyrkjeliv.
Arbeidet med gudstenesteliv, undervisning og læring særleg retta mot barn og konfirmantar og diakoni er prioriterte arbeidsområde. Sokna i kommunen arbeider aktivt saman på ulike område. Samarbeidet mellom kyrkja, barnehagar og skular er godt. Vindafjord kyrkjelege fellesråd har kateket i 80 % stilling. I tillegg er det tilsette som jobbar med undervising og aktivitetar særleg retta mot barn og unge, knytt til dei ulike sokna. Det er eit aktivt organisasjonsliv i soknet. Mange frivillige medarbeidarar er knytt opp imot gudstenester og aktivitetar for barn og unge. Soknepresten må kunne bidra aktivt inn i kulturen soknet er prega av.
Ølen er knutepunkt for kommunikasjonen i distriktet og Bjoa har kultur-røter som strekk seg langt tilbake i tid. Her er flott natur, trivelege folk og gode tilhøve for friluftsliv.
Det er åtte kyrkjer i kommunen. To av desse ligg i Ølen og Bjoa sokn. Soknepresten i Ølen og Bjoa gjer teneste i samspel med dei to andre sokneprestane i Vindafjord kommune. Prosten samlar prestane om lag 10 gonger i året til pastoralsamlingar, som er av fagleg og sosial karakter. Desse blir lagt til ulike stadar i Haugaland prosti, som består av 5 kommunar: Haugesund, Utsira, Tysvær, Bokn og Vindafjord.
Medlemstalet i Ølen og Bjoa sokn var i 2023 2131, medan innbyggjartalet var 3208. Kyrkjelydane har eit godt og aktivt samarbeid med kommunen. Kontoret til soknepresten ligg i Vindafjord rådhus i Ølen. Vindafjord kyrkjekontor, der kyrkjeverja held til, ligg i Skjold kyrkje.
«Der vegane møtest»: Ølen er kommunesenteret og eit knutepunkt for kommunikasjonen i distriktet. Her møtest bussar og biltrafikk frå aust til vest, og båten frå nord. Sentrum er godt bygt ut med gode tenestetilbod innan handel og service. Her er idretts- og symjehall, barnehage, barne- og ungdomsskule og Ølen vidaregåande skule. I Ølensvåg ligg Lundaneset vidaregåande skule. Bjoa er ei kulturbygd, med rike minne frå fortida. Her er det også store og innovative verksemder. I Ølen og i Ølensvåg er det rikt næringsliv med mange arbeidsplassar frå både inn- og utland. Her er flott natur, gode tilhøve for friluftsliv i fjell og skog, samt god tilgang til sjø og rikt båtliv. Haugesund er næraste by, ca 45 km vestover.