Sokneprest i Bjerkreim sokn

Er du ein prest som er glad i folkekyrkja og set pris på eit allsidig organisasjonsliv? Då er du kanskje den neste soknepresten i Dalane prosti med særleg ansvar for Bjerkreim sokn. Søknadsfrist 14. august.

Kyrkja står sterkt i Bjerkreim og det er god oppslutting om både gudstenester og dei kyrkjelege handlingane, ikkje minst om konfirmasjonen. Det er eit godt samarbeid både med bedehus og misjonshus, med andre lag og organisasjonar, skular og barnehagar i kommunen.

Bjerkreim er ei tradisjonell jordbruksbygd med mange handtverksbedrifter. Kommunen har 2800 innbyggjarar og 2300 er medlemmer i Den norske kyrkja. Her er vakkert med både fjell og dalar, Bjerkreimselva som er ei av landets beste på laks, mykje fint kulturlandskap, og det er godt tilrettelagt for aktivitet både i utmark og på eit flott stadionområde. E39 går gjennom kommunen og det er lett å kome hit.

Det er to kyrkjer i Bjerkreim sokn. Bjerkreim kyrkje er hovudkyrkje og der er det gudsteneste om lag annankvar søndag, ein gong i månaden i Ivesdal kyrkje og innimellom på Vikeså misjonshus. 

Det er ein prest i Bjerkreim sokn. På kyrkjekontoret har vi organist, diakonimedarbeidar/trusopplærar, sekretær og kyrkjeverje. I tillegg har vi kyrkjetenarar og klokkarar tilslutta kyrkjene. Dei tilsette samarbeider godt og har det kjekt ilag.

Soknepresten kan i stor grad forme eigen kvardag. Han/ho har hovudansvar for gudstenestene, gravferder, andakter og konfirmantarbeidet i soknet, og blir stundom spurt om å ha ein og annan andakt utanom det. Soknepresten sit i soknerådet/fellesrådet, gudstenesteutvalet, misjonsutvalet og konfirmantutvalet. I tillegg er presten ein sjølvsagt del av kommunen sitt kriseteam. 

Presten i Bjerkreim er ein naturleg del av bygda og det som skjer i både glede og sorg. Kyrkjelyden ønskjer seg ein  samarbeidsvilleg, fleksibel prest som er glad i folk i alle aldrar og klar og livsnær i sin teneste og forkynning.

Les heile utlysinga og søk på stillinga her innan 14. august.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"