Fokus på dåpen

Stavanger bispedømme har for tida eit spesielt fokus på oppslutning om dåpen. Aksjon Dåp har utvikla verktøy for at kyrkja i endå større grad kan invitera vidt og bredt inn til denne heilage handlinga.

Når eit born blir båren til dåp, blir me minna om at ingen kan bæra seg sjølve.
Gjennom dåpen blir me ein del av eit fellesskap som strekk seg over heile verda – og gjennom alle tider. Det er ein markering der bornet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lovar å fylgje bornet alle dagar.

Jesus døypte ikkje, men utfordra menneske han møtte til å vere saman med han og fylgje han. Etterfylgjerane til Jesus fekk i oppgåve å gje dåpen vidare til menneske over heile verda og å undervisa om Gud si gode vilje med liva våre.

I bibelteksten som blir lest i dåpsliturgien, seier Jesus: "Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står." (Matteusevangeliet kapittel 28, vers 18-20).

Kontaktinformasjon for Stavanger bispedømme

Stavanger bispedømme

Lagårdsveien 44

4010 Stavanger

Telefonnummer: 51 84 62 70

Epost: stavanger.bdr@kirken.no

Åpningstider: 08.30-15.00