Fellesskap i bøn, lystenning og samtale

Bli med å tenne lys og be bøner digitalt, og chatte i Nettkyrkja.

Foto: Kirkerådet

Kyrkja sin digitale bønevegg på kyrkja.no/be: På bøneveggen kan du tenne lys og be bøner, synlege for oss sjølv og for andre. Vi kan dele gleder og sorger med kvarandre. Bøneveggen viser kyrkja sin fellesskap gjennom bøn. Skriv ei bøn eller tenn eit lys, eller gjer begge deler, med mobil, nettbrett eller pc. Bøneveggen er alltid open, men alle bøner blir lest gjennom før publisering. 

Les tekstar, be og chat på nettkyrkja.no: Hjå nettkyrkja kan du chatte med prestar og diakonar om det du har på hjartet. Desse er gode samtalepartnarar og er pålagt teieplikt. I tillegg kan du be bøner og tenne lys. Oppdaterte opningstider ligg her.

Samtale, melding eller chat hos Kirkens SOS: Kirkens SOS har dyktige frivillige for samtale, om alt som skjer i livet. På grunn av smittesituasjonen har dei noko redusert kapasitet, og det kan vere lenger kø. SOS Telefon er ope frå 07.00 til 03.00, SOS Chat er ope frå 18.30-22.30 og SOS Melding garanter svar innan 48 timer. 

Samtale med nokon nær deg: Kyrkja sine tilsette har lang erfaring med å snakke med menneske i glede og sorg. Ta kontakt med din lokale kyrkjelyd om du ynskjer samtale! Anten du vil ta ein prat over ein telefonsamtale, videosamtale, chat eller fysisk møte - kan du kontakte kyrkjekontoret nær deg. 

Skriv inn di adresse i søket under for å finne kontaktinfo til ei kyrkje nær deg!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"