Borgarleg inngått ekteskap

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap.

Liturgien "Forbøn for borgarleg inngått ekteskap" er ei handling der ein i kyrkja ber for noko som har skjedd utanfor kyrkja. Ein måte presten kan helse ekteparet på, lyder slik:

For offentleg styremakt har de lova kvarandre at de vil leva saman i ekteskap. Dette løftet tyder at de skal vera eitt og halda trufast saman i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt. Slik de ønskjer det, vil vi i dag be for dykk og stilla ekteskapet dykkar og heimen dykkar inn under Guds velsigning.

Under handlinga er det rom for medverknad av ulike slag. Det kan vere medverknad frå festfølgjet ved somme av dei liturgiske ledda, og det kan vere tillegg til handlinga i form av musikk eller høgtlesing, eventuelt kombinert med at det blir tent lys i lysgloben. Blant dei kulturelle innslaga kan det også opnast for element som understrekar ekteparet sin etniske bakgrunn. Der den eine parten tilhøyrer ei anna kyrkje enn Den norske kyrkja, kan det etter godkjenning av biskopen opnast for deltaking frå dette kyrkjesamfunnet.