Medvandrar for ungdom

Maria Aasheim Grosås er samtalepartnar for ungdom i tiltaket 13-20 og jobbar i Arna og Ytre Arna kyrkjelydar. - Draumen min er å vera den ungdomane kan koma til, utan at nokon først skal vurdera kor alvorlege problema deira er, at dei kan få koma og berre prata og pusta ut, seier ho.

Medvandrar for ungdom

Tekst: Ingvar Fløysvik
Foto: Odd Mehus

Ho heiter Maria Aasheim Grosås, er 34 år er tilsett som ungdomsdiakon og skal dela tida si mellom dei to sokna Arna og Ytre Arna.

Maria er ei strålande sørlands-jente. Ho vaks opp i Kristiansand, men farfaren er fødd på Åsheim i Haus og har nok rodd over Sørfjorden til Ytre Arna meir enn ein gong. Saman med mannen sin, William, budde ho nokre år i Oslo før dei kom over fjellet til Bergen og Hop for seks år sidan. William er prest og arbeider no på NLA-høgskolen. Dei har ein gut som heiter Lavrans, og som snart er tre år.

Kjenner Arna frå før

-          Korleis kom du på å søkja deg hit til Arna?

- Arna er ein bydel eg kjenner litt til. Eg har arbeidd i barneverntenesta og sosialtenesta her i fire-fem år. Der arbeidde eg med born, familie og ungdom. Elles hadde eg frå før gode kjensler for området på grunn av farfar. Og så elskar eg å køyra Grimelisvingane, her er jo eit postkort rundt kvar sving!

-          Måtte du gå på ein skule for å læra å bli ungdomsdiakon?

- Eg er utdanna sosionom og har vidareutdanning i verdibasert leiing. No held eg på med ein Master i diakoni parallelt med arbeidet. Åra i barnevernet og NAV har jo òg vore god læring. Elles har eg jobba som ungdomsdiakon og samtalepartnar i Bærum, der samtaletilbodet 13-20 vart utvikla og først brukt.

13-20.no

- 13-20 er det ein kallar eit lågterskeltilbod, det vil seia at det skal vera lett å bruka, fortel Maria. Det er gratis, det trengst inga tilvising, du kan berre senda ei melding og be om ein samtale. Namnet 13-20 står for alderen 13-20 år, men me strekkjer det i begge endar. Me har utgangspunkt i det kristne verdigrunnlaget, som inneber at kvart menneske, kvar ungdom, er skapt i Guds bilete og er uendeleg verdfull. Me ønskjer at ungdomane skal oppleva seg anerkjent og sett for den dei er. Og me vil møta dei som kjem, først og fremst som menneske, ikkje som «ungdom med rusproblem», «ungdom med vanskeleg familiebakgrunn», «ungdom med …» - eg veit ikkje kva. Ingen er berre det andre ser. Difor begynner me heller ikkje praten med problemet, men prøver å bli kjende med den me snakkar med, og lèt den unge sjølv velja kva han eller ho vil fortelja, om det som er vondt, om det som er kjekt eller morosamt. Me kan le saman, vega ting saman, gråta saman. Me ønskjer å vera trygge vaksne som har tid. Me vil gjerne gå saman med tenåringane, vera «medvandrarar», som me seier.

-          Viss eg er ein ungdom som kjem og snakkar med deg, risikerer eg då at du etterpå fortel mor eller barnevernet eller nokon annan det eg har sagt?

- Eg har teieplikt, det er eit krav i jobben. Altså: Det du seier til meg i samtalen, blir mellom oss to. På same måten som helsesyster og andre har eg likevel etter norsk lov i visse høve plikt til å melda frå til barnevernet. Skulle det bli aktuelt, vil du få vita det først. Eg går aldri bak ryggen din. Så kan det òg henda at du og eg saman finn ut at me vil trekkja inn andre hjelpeinstansar, at du treng hjelp frå desse. I så fall vil eg hjelpa deg med det.

Stovepreg

Ein av stadene Maria møter ungdomar, er på kontoret i Arna. Ho har prøvd å gjera det koseleg, litt slik stove-følelse, og ho byd gjerne på ein kopp kakao eller eit glas saft til den som kjem. Det skal vera godt å sitja her. Eit anna alternativ er å treffast ute, gå ein tur saman og prata i lag ute i naturen. Så er det jo ein god del tenåringar frå Ytre Arna og Arna som går på skule inni by’n. Difor har ho òg tilgang til eit fint samtalerom i sentrum, og har ikkje få samtalar der.

Maria er ungdomsdiakon i Arna og Ytre Arna. Men innan Bergen by er dei eit team på fire som brukar 13-20-opplegget. Dei møtest ein gong i veka og har faglege drøftingar, rettleier og støttar kvarandre. Dei snakkar forresten ikkje berre med ungdomar, men er òg tilgjengeleg for foreldre som ynskjer samtale.

For ungdomane i Arna og Ytre Arna

Sjølv om Maria visste mykje om bydelen før ho begynte i stillinga, gler ho seg til å bli endå betre kjend både med Ytre Arna og Arna.

- Me får sjå korleis vegen går seg til. Eg har treft konfirmantane både i Arna og Ytre Arna sokn og er med på konfirmantleir. Eg har òg vore innom Arna ungdomsklubb. Dessutan har eg lyst å samarbeida tett med andre som jobbar for ungdom i bydelen. Korleis kan me bruka kvarandre? Korleis kan dei bruka meg? Eg vil ha kontakt med skulane, med psykisk helseteam og andre gode krefter i bydelen. Fleire av instansane i Arna har flytta til Åsane. Eg vil gjerne vera noko for ungdomane her dei bur, om dei ynskjer det, sluttar Maria.

Dette intervjuet vart først publisert i Kyrkjebladet for Arna og Ytre Arna.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"